Som førebels siste barnegenerasjon voks dei opp med råderetten over eiga tid.

Då neste generasjon blei fødd, nekta mødrene å gje ifrå seg stafettpinnen, og dei gjorde nektinga til fundament for eit nytt samfunnssystem, det noverande.

Først når denne mødregenerasjonen rører seg på støvets rand, vil dei etterlevande for alvor våga å setja kritisk søkjelys på det dei stod for. Til så lenge lyt menneska finna seg i å veksa opp som tidsmessige salderingspostar.

INGER FOSSHEIM,OSLO