Storferja «Ullensvang» rekk så vidt å streva seg frå kaien før overstyrmann Finn Maraas er ute med sine faste formaningar. Om ting som er lov og ikkje lov på overfarten i det sterkt trafikkerte stamvegsambandet Halhjem-Sandvikvåg, og opplysningar om oppslag der dei reisande kan henta meir informasjon om tryggleiken om bord.

Voldsom utvikling

— Det er alltid ting som kan gjerast betre, men eg føler det har vore ei voldsom utvikling i retning større tryggleik dei siste åra, seier kaptein Arne Halhjem.

Betre utstyr inkludert nye redningsvestar og elektroniske sjøkart, flittigare øvingar om bord, auka opplæring av mannskapet, og fleire kontrollar er blant tiltaka som peikar i rett lei. - Me har faste evalueringar etter kvar øving, der me tar opp ting som eventuelt ikkje virkar etter planen, seier Finn Maraas.

Ingen kommentar

Ingen av dei to vil kommentera den aktuelle saka der ein tidlegare kaptein på M/F «Ullensvang» er omplassert etter kritikk mot tryggleiksopplegget om bord. Heller ikkje andre av mannskapet på storferja vil gi sitt syn på kritikken som er reist mot reiarlaget. I så måte har tydelegvis mediestrategien til HSD full effekt.

— Me tenkjer tryggleik frå me står opp til me legg oss så lenge me er om bord, seier Kjell Turøy, matros og motormann som gjer klar til testing av redningsstrømpen og flåtesystemet dei få minutta ferja ligg til kai på Halhjem.

— Sjølv om det ikkje er så kjekt når det på ny blir satt søkelys på tryggleiken i HSD, synest eg ikkje det er noko utidig mas om dette. Det er vår oppgåve å gjera det tryggast muleg for dei reisande, det er ein del av arbeidsoppgåvene våre. Viss det ikkje var sikkert og godt på ferjene, ville eg aldri gått om bord, seier Svein Almås, matros og tillitsvald for Norsk Sjømannsforbund.

Rask test

Redningingsstrømpen er klar til bruk, klargjort på eit par-tre minutt av Turøy og Almås. Overstyrmann Maraas tar to turar frå dekk gjennom strømpen og trygt ned på kaien, og rekk likevel tilbake til sin faste plass i styrehuset til ferja skal returnera til Stord etter ti minuttar. No med 61 passasjerar om bord, forrige tur var 72 med på ferja med sertifikat for 500.

— Øvingar kvar veke gjer at me veit utstyret fungerer, og at mannskapet kan bruka det. Offiserar på ferjer og hurtigbåtar i HSD har vore gjennom sikkerhetskurs på Nutec, eg ser fram til at også resten av mannskapet får gjort det same, seier kaptein Arne Halhjem.