Sist det var skulemålsrøysting i Hordvik (89) hadde eg sjølv ungar i skulen. Eg har merka meg at argumenta for/mot dei to målføra ikkje har endra seg. Ikkje alle argument synes å vere tufta på like sakleg grunn. Sterke kjensler var meir avgjerande for dei val som vart tekne enn sakleg argumentasjon.

Bokmålsforeldra nyttar ofte argumentet om at det målføre elevane vil nytta mest i det vaksne liv må dei også lære i skulen og at bokmål då må vera det rette valet. Det dei då samstundes hevdar, er at dei som vel nynorsk vil komme dårlegare ut i norskfag. Dette er ikkje rett. Det er snarare det motsette. Det finst ei mengd dokumentasjon på dette. Etter kvart er eg blitt kjend med mange som har hatt nynorsk som skulemål. Nesten utan unntak har dei hatt god nytte av det og ville ikkje vore det forutan. Dei har heller ikkje hatt vanskar med å lære bokmål. De kjem liksom av seg sjølv gjennom ytre påverknad.

Kva skal ein så med nynorsken, vart det hevda, når det meste av media— og forretningsmål i dag er på bokmål?

Ein gløymer då at regionalt sett er nynorsk målføre dominerande. I tillegg har vi i landet ei mengd litterære skattar med uttrykksformer som ofte krev nynorsk forståing for å skjøne dei fullt ut. Skal vi ikkje då utnytta nynorsken elevane lærer i grunnskulen til å gi dei eit endå betre grunnlag i norsk?

Ved skulemålsrøysting røyster vi ikkje berre over målføre i skulen, men også over kva kulturell tilknyting bygda vår skal ha. Det er av denne grunn det er ålmenn røysterett om skulemålet. Eg trur dei fleste innflyttarar til bygda ikkje har som mål å endra bygdekulturen, i så fall vil ikkje det komme inn under god folkeskikk, men dette kan bli tilfelle dersom ein vel bort eit skulemål som er naturleg for den bygdekultur vi no har. Eg trur at vi alle er tent med å stå saman om å ta vare på desse kulturverdiane.

Det er mange foreldre som fortvilar over at dei ikkje kan hjelpa borna med norsk grammatikk da dei ikkje skjønar nynorsk. Dette er nok eit problem for dei som føler det slik. Vel ein bort nynorsken fører ein berre problemet vidare til ein ny generasjon.

Når ein ikkje kan peika på dokumenterbare sider der val av nynorsk har negativ effekt, men tvert imot ei rekkje positive effektar, kan eg ikkje skjøna at valet er vanskeleg.

Uansett kva val ein tek, er det viktig å stemme. Men før du slepp stemmesetelen må du ha tenkt gjennom alle effektar av det valet du har bestemt deg for.

Einar Noremark