¨— Konsekvensane for næringa kan bli ganske fatale, seier Kåre Toft, som driv Kvernepollen Fiske & Ferie i Øygarden.

Toft er opprørt over framlegget frå Norges Fiskarlag om å forby utanlandske fisketuristar å ta med heim meir enn åtte kilo fiskefilet.

Ein prat med hans tyske gjestar tyder på at Toft har grunn til uro: Ei grense på åtte kilo vil gjere Norge uinteressant.

— Vi marknadsførar oss i Tyskland med det dei drøymer om - å få den store fisken. Det er ikkje ofte dei får den, men det er det som dreg, seier Toft.

Veksande næring

Som Bergens Tidende skreiv i går har talet på turistar som reiser til Norge for å fiske eksplodert. I 1995 kom det rundt 35.000 fisketuristar hit til landet. I fjor hadde talet auka til heile 224.000.

Det finnes over 900 bedrifter som Kvernepollen Fiske & Ferie her i landet. Små familieeigde firma, dei fleste etablert på 90-talet.

Omsetninga er 435 millionar kroner i året og i sterk vekst, konkluderer ein rapport frå Norges Fiskerihøgskole og Universitetet i Tromsø. Omrekna til heilårsarbeidsplassar er 1200 personar sysselsette i desse bedriftene.

I tillegg kjem alle andre som tener på desse turistane. I rapporten reknar ein med at dei i alt legg att mellom 2,2 og 2,4 milliardar kroner her i landet.

Betre butikk

Kåre Toft peikar på at landet får meir att for å bruke fisk som lokkemat for turistar enn om vi fiskar sjølve. Gitt at dei fiskar 13.400 tonn fisk, gir dette ein kilopris på 172 kroner.

Til samanlikning er eksportverdien på torsken - den mest verdifulle fisken det blir fiska vesentlege mengder av - knappe 22 kroner per kilo.

Toft og turistnæringa får støtte frå Fiskebåtredernes Forbund, som organiserer den havgåande fiskeflåten i Norge. Denne flåten fiskar rundt 70 prosent av den norske fiskekvoten

I motsetnad til Norges Fiskarlag og Norges Kystfiskarlag, som vil avgrense turistfisket, åtvarar Fiskebåtredernes forbund mot å hindre fritt fiske.

- Viktigaste attraksjonen

— Elles kjem dei ikkje, og ein går glipp av dei inntektene turistane kan gi, seier avdelingsleiar Webjørn Barstad. Han tviler også på at turistane fiskar så mykje som 13.400 tonn i året.

— Vi trur at kvantumet er overdrive, og meiner uansett at det må vere høve for at turistar som kjem til landet får høve til å drive fiske. Dette er kanskje den viktigaste attraksjonen kysten har, seier Barstad.

Sidan byrjinga i 1994 har Toft og kona bygd opp eit tilbod som rettar seg spesielt til fisketuristar.

Rorbuanlegget har plass til 34 gjestar, og båt med påhengsmotor og sløyebord på land følgjer med buene.

Toft føler seg makteslaus i høve til Fiskarlaget. Med lagets langt sterkare fagorganisasjonar og store politisk gjennomslag fryktar han at turistnæringa vil tape.

— Det som er viktig er at ein byrjar å ta denne næringa like seriøst som fiskerinæringa. Dette er trass alt ei næring som går utan subsidier i det heile, seier Toft.

KAN BLI SLUTTEN: Rorbueigar Kåre Toft frå Øygarden fryktar at ei minimumskvote på åtte kilo for utanlandske fisketuristar vil bli slutten for den raskt veksande turistnisjen.
GIDSKE STARK