Kommunane har plikt til å finne plass for turnuslegar. Privatpraktiserande legar har derimot ikkje plikt til å ta mot.

Med dette høgst ulike utgangspunktet har konsekvensen blitt knallharde forhandlingar om kor stor kompensasjon legane skal ha for å ta mot og rettleie turnuskandidatar.

Resultatet har blitt enorme prisskilnader.

Betalt dyrt

— Vi ser at det har blitt store spenn, konstaterer Arne Norum i Kommunenes Sentralforbund (KS). Norum har vore ansvarlege for gjennomføring av fastlegeordninga i KS.

Overfor Bergens Tidende nemner Norum Oslo, Stavanger og Bergen som døme på kommunar som har vore nøydde til å grave djupt i kommunekassane.

— Vi har fleire døme på avtaler der det er gitt kompensasjonar på kring 600.000 kroner. Og det er tilfelle der legar har fått bortimot 700.000 kroner for å ha turnuskandidat over eitt år, seier Norum.

Men ikkje berre store bykommunar har vore nøydde til å betale dyrt. Også for mange småkommunar i utkantane har det blitt langt dyrare enn rekna med å kjøpe turnuslegeplass.

Dekke meirkostnader

Kompensasjonen det har blitt forhandla om skal grovt sett dekke meirkostnaden med å ta inn turnuslege. Det er ingen strid om at ein lege som driv privat praksis med tilskot frå det offentlege får større utgifter med å ta inn turnuskandidatar.

KS har kalkulert meirutgiftene til kring 300.000 kroner i året. Men etter at dei fleste forhandlingane er sluttførte, må paraplyorganisasjonen for kommunane innsjå at dei fleste har vore nøydde til å punge ut med langt meir for å få avtaler på plass.

— No kan det sjølvsagt vere at lokale forhold har spelt inn. Eit døme på det kan vere at kontorlokala må utbetrast, og dette blir rekna inn i kompensasjonen. Men dette har blitt dyrare enn vi trudde, vedgår Arne Norum.

Med alle korta på handa

Kommunane har plikt på seg til å ta mot turnuslegar. Dei kan derimot ikkje påleggje privatpraktiserende doktorar å ta mot.

I ein forhandlingssituasjon der kommunen har plikt til å ta mot, medan legane ikkje har det, har dei privatpraktiserande legane i praksis hatt alle korta på sine hender.

— I framtida bør reglane endrast slik at legar som driv privat praksis med offentleg tilskot, også får eit klarare ansvar for å ta mot turnuskandidatar, seier helse- og sosialsjef Rune Engeseth i Eid kommune. Sjølv om forhandlingane også i Nordfjord-kommunen var vanskelege, enda likevel Eid opp med det som truleg er ein av landets billegaste turnuslegeavtaler, i underkant av 300.000 kroner. Altså godt under halvparten av enkelttilfelle frå andre kommunar.

— Vi kom bra ut. Men eg veit at desse forhandlingane har vore veldig tøffe i mange kommunar, seier Engeseth.

- Engasjerte jurist

Ein av kommunane der det var store vanskar med å få til ein avtale var Flora. I Sunnfjord-kommunen tinga dei i månader, og kommunen engasjerte jurist til å vere med.

— Det var ein veldig spesiell situasjon. Ikkje berre for oss, eg trur det var spesielt også for legane, meiner konstituert helseleiar Magni Håvardstun.

I Flora er alle fastlegane privatpraktiserande og dei har organisert seg rundt eit privat helsesenter.

— Vi enda med ein avtale der vi betaler 360.000 kroner til legesenteret for at dei skal ta mot ein turnuskandidat. Eg føler at vi til slutt kom bra i hamn, men det var lenge stor avstand, seier Håvardstun.

Ho meiner no staten må inn og betale meir av kostnaden med å ha legar i turnusteneste. I dag er statstilskotet 100.000 kroner per turnuslege.