Lars Leijonborg vart valvinnar i Sverige den 15. september. Etter eit liv rundt sperregrensa — 4,6 prosent ved valet i 1998 - kunne Folkpartiet Liberalerna i år ta steget opp til å bli Sveriges tredje største parti, knapt to prosent bak Moderaterna. 13,3 prosent er nesten ei tredobling. At det ikkje også vart regjeringsskifte må i første rekkje tilskrivast Moderaternas dramatiske fall, i kombinasjon med eit måteleg valresultat for Kristdemokraterna.

Folkpartiets store framgang kan ha fleire grunnar, men ingen av dei heiter Lars Leijonborg. Han er ikkje meir karismatisk enn strengt tatt nødvendig - jamvel etter svensk målestokk - og det stod ikkje skrive i stjernene at partiet under hans leiarskap skulle få eit dramatisk oppsving. Fram til eit par månader før valet såg det meir ut til at det kunne gå andre vegen. Men så spelte Folkpartiet ut innvandrarkortet. Det gjorde susen.

Men kva var det Lars Leijonborg sa? Statsvitarane Leif Lewin og Olof Petersson tonar i ein analyse ned den tabloide tolkinga av Folkpartiets innvandrarbodskap. Då Leijonborg heldt sin opningstale i valkampen var kravet om svenskopplæring for innvandrarar berre ei av ei lang rekkje saker. Svenske veljarar reknar ikkje innvandrarsaka blant sine viktigaste, heller ikkje dei som røystar Folkpartiet.

Heftig debatt

Men det er rett at Folkpartiets framstøyt skjedde i ein kontekst av relativt heftig innvandrardebatt. Sakleg sett var Folkpartiets hovudbodskap at det å vera samfunnsborgar også inneber plikter - ikkje berre rettar - og at desse pliktene også påkviler dei som nyss er komne til landet. Men ein trong ikkje vera spåmann for å begripa at det var innvandrarane dette kom til å handla om.

Sverige har ikkje noko Framstegsparti. Det tok ein stigmatisert Ian Wachtmeister med seg ut av svensk politikk. Lykke på reisa. Det er difor ikkje unaturleg å tenkja at Moderaterna - fortent eller ufortent - får ein viss pott av framandfiendslege røyster i Sverige. Samstundes har meir djuptborande granskingar vist at det finst like mykje grums og framandfiendskap hos Socialdemokraterna. Men det kjem berre unntaksvis til overflata.

På den andre sida er det nesten ingen som i fullt alvor mistenkjer Folkpartiet liberalerna for rasisme og framandfiendskap. Det er eit sosialliberalt parti, ikkje ulikt det norske Venstre, med ei historie som knapt kan brukast mot det i denne saka. På 1980-talet heitte folkpartileiaren Per Ahlmark og var jøde, og han vil blant anna bli hugsa for sine mange krosstog mot alt som minner om autoritære rørsler. Ola Ullsten, statsminister og utanriksminister for Folkpartiet, er utanfor mistanke. Bengt Westerberg viste kva han meinte i valkampen 1991. Då valvinnar Ian Wachtmeister (Ny Demokrati) kom til tv-huset og sette seg i sofaen saman med Westerberg, reiste Folkparti-leiaren seg demonstrativt og forlet studio. Der gjekk grensa for Westerbergs liberale sinnelag.

Kan Venstre?

Denne helga samlar Venstres landsstyre seg for om mogeleg å skapa ein horisont som er litt større enn nasetippen. Som vanleg er har det norske Venstre følgt nøye med i kva søsterpartiet austom Kjølen føretek seg. Det er ikkje så rart for eit parti som stirer døden i kvitauga kvart fjerde år. No finst det sjeler som i sitt stille sinn grublar på om Venstre kan kopiera Folkpartiets suksess.

Eg har vore til stades på landsmøte i alle norske parti. Framstegspartiet er i stor grad bygd på skepsis og uvilje mot våre nye landsmenn. I Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Senterpartiet finst det innslag av det vi kan kalla grums. Men det vinn ikkje fram. I SV er dei så demonstrativt for våre nye landsmenn at ein kunne mistru partiet for å ha noko å skjula. Det har det neppe. I RV er det same sak.

I Venstre er det annleis. I Venstres landsmøtesalar kan ingen observatør falla på den tanken at det nokon stad skulle gøyma seg ein innvandrarfiendsleg tanke. Velviljen er grunnfest og så sjølvsagd at partiets kvinner og menn ikkje treng overdriva han frå talarstolen. I det frilynte ligg innbakt eit ope sinn for det nye og det som kjem utanfrå. Den framstormande Olaf Thommessen, no medlem av sentralstyret, er ein framifrå eksponent for ein slik vidopen politikk, og hans opne hand til flyktningar og asylsøkjarar får sterk applaus i Venstre. Difor er det fleire enn Framstegspartiet som ser på venstrefolk som hyggjelege og velmeinande, men forskrekkeleg naive.

Tretti unnvikande år

Likevel er det min påstand at det særleg er eitt parti i Noreg som kan tillata seg å stilla krav - rimelege krav - til våre nye landsmenn utan å bli mistenkt for å ha ein skjult agenda. I Venstres historie er det knapt noko som heftar, og dagens Venstre-toppar står godt til partiets historie i så måte.

I tillegg har vi den situasjonen at vi etter tretti år med tilsig av nye landsmenn endeleg har fått tilløp til ein reell innvandrardebatt. Den norske offentlegheita har vore full av unnvikande manøvrar, truleg basert på ein ulukkeleg kombinasjon av misforstått velvilje og manglande kunnskap. Men ikkje berre det. For å forhindra at Framstegspartiet skulle skåra billege poeng er Carl I. Hagen sabla ned også dei gongene han hadde vettuge poeng å fara med. No har Shabana Rehman hjelpt oss til å sjå at det finst ei verd bak fasaden, og den verda ser ikkje så bra ut.

Det er i denne situasjonen at Venstre kunne drista seg til å ta bladet frå munnen, ut frå ei erkjenning om at integrasjonen er dødsdømd med mindre innvandrarane forstår at dei også har plikter. No er det eit slags momentum for å snakka ope om kulturkonfliktar som altfor lenge har vore sopt under teppet. Kanskje Venstres røyst kunne føra til dialog der det elles blir full konfrontasjon? Kanskje kravet vert verre å avvisa dersom det kjem frå den kanten?

Men det kan koma til å kosta. Det svenske Aftonbladet, som har stått socialdemokratiet nær, legg ikkje fingrane imellom i sin omtale av det dei kallar eit «vulgariserat bodskap». Det Folkpartiet kallar «klarspråk» kallar Aftonbladet ein reaksjonær bodskap, og konkluderer med at «den socialliberala planten hotas av utrotning». Det er ein analyse Lars Leijonborg sikkert kan leva med, når han har 13,8 prosent av dei svenske veljarane i ryggen. Kanskje også Leijonborgs norske namnebror skulle ta risken?