PER MARIFJÆRENARNE COLLIANDERKAREN KRISTINE BLÅGESTADJON TUFTOper.marifjaeren@bergens-tidende.no

Spritselgaren sit no til avhøyr hjå lensmannen i Måløy, og politiet vil i løpet av dagen vurdere korvidt dei skal framstille han for varetektsfengsling. Bakgrunnen for pågripinga er tips frå publikum og politiet si eiga etterforsking. Mannen, som politiet arresterte ved eigen bopel, kjem frå Vågsøy.

– Dette er ein mann vi også tidlegare har hatt i søkelyset i liknande saker, seier lensmannsførstebetjent Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor til Bergens Tidende.

Førebels har mannen ikkje vedgått sal av smuglarsprit, sjølv om politiet fann om lag 100 liter sprit heime hos han. Politiet trur spriten er smugla til landet, men kan førebels ikkje seie noko om korleis smuglinga har gått føre seg.

Politiet kan ikkje utelukke at fleire kan ha vore med på smuglinga og omsettinga av den ulovlege spriten.

Kvinne ligg medvitslaus Politiet i Måløy held fram med å jakte på meir av smuglarspriten som natt til onsdag tok livet av ein 53 år gammal mann frå Vågsøy. Ein 46 år gammal kvinneleg sambygding, som var med på det same drikkelaget, svevde onsdag kveld framleis mellom liv og død.

— Ho ligg på intensiven ved sjukehuset i Førde og er utan medvit. Tilstanden hennes skal likevel vere stabil, sa førstebetjent Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor onsdag kveld.

Tredjemann avhøyrd Også ein tredje person, ein 55 år gammal mann frå Vågsøy, var med i drikkelaget. Han slapp innlegging på sjukehus, og vart avhøyrd av politiet onsdag kveld.

— Eg kan ikkje gå inn på kva han har forklart, seier førstebetjent Bakke.

Lensmannen i Måløy åtvarer no folk på det sterkaste mot å drikke illegal sprit. Politiet reknar med at det er spreidd meir smuglarsprit i det lokale miljøet, og jaktar på denne spriten. Etterforskinga rettar seg og mot kvar spriten er komen frå.

To av dei tre personane som deltok i drikkelaget i Måløy sentrum natt til onsdag, vart altså kritisk sjuke. 53-åringen døydde før han nådde sjukehus, medan kvinna på 46 år har alle symptom på livstrugande forgiftning.

Store mengder i omløp - Restar av spriten vart straks sendt til Kripos for analyse, og inntil resultatet er klart, må vi sjå på denne smuglarspriten som livsfarleg å drikke.

Politiet veit enno ikkje om det var mengda med alkohol, eller eit giftig innhald som drap 55-åringen.

— Obduksjonen av han og analysen av spriten vil gi oss svaret på det, men det kan ta nokre dagar, seier førstebetjenten.

Han vil ikkje opplyse kva land spriten stammar frå, men den er på flasker med etikett som gir inntrykk av at innhaldet er original vodka. Spriten har truleg kome til Måløy med båt.

Livsfarleg å drikke - Vi åtvarer mot alle typar smuglarsprit. Dette kan vere stoff som også er merka som andre typar brennevin enn berre vodka, seier Bakke.

Den døde mannen og den livstrugande sjuke kvinna har ifølgje politiet drukke store mengder av spriten. Politiet fekk melding om dødsfallet frå ambulansepersonellet ved 04-tida natt til onsdag.

— Ingen må drikke varer dei ikkje kjenner opphavet til. Vi kan jo ikkje utelukke at forgiftinga kan ha kome frå andre ting dei har fått i seg, men spriten er den mest nærliggande forklaringa, seier han.

Dei illegale varene kan vere spreidd over eit langt større område enn berre Måløy sentrum.

— Har nokon kjøpt eller mottatt slike varer, ber vi om at dei leverer det til oss. Alle som for øvrig har tips eller kjennskap til saka, må ta kontakt med politiet, oppmodar Bakke.

FARLEGE DRÅPER: Lensmannsførstebetjent Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor saman med den beslaglagde spriten som tok livet av ein mann i Måløy natt til i onsdag. (Foto: Øystein Torheim)