PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Onsdag avgjorde nemleg Høgsterett at Førde-kvinna Sonja Ljostveit må godta eit beltegebyr på 750 kroner, for å ha lagt øvste strekket på det trepunkts bilbeltet under armen og ikkje over skuldra.

Ljostveit nekta å godta gebyret, der det stod at ho ikkje hadde brukt bilbeltet. Ho hadde jo beltet på, men under armen på grunn av ubehageleg gnag mot halsen.

Først fekk ho medhald i Sunnfjord heradsrett, deretter tapte ho i Gulating lagmannsrett.

Problemet er at forskriftene kun seier at bilbeltet skal brukast, og ingenting om korleis beltet skal brukast. Dermed meinte Ljostveit at trepunktsbeltet også måtte kunne brukast som eit tilnærma hoftebelte.

To gonger har identiske saker blitt prøvd i høvesvis Nordfjord og Salten heradsrettar, og begge gonger vart gebyret oppretthalde. Det vart også resultatet i denne saka, etter at Høgsterett onsdag konkluderte med at beltet må brukast som føresett.

HADDE BELTET PÅ: Sonja Ljostveit nekta å godta gebyret, der det stod at ho ikkje hadde brukt bilbeltet. Ho hadde jo beltet på, men under armen. (Arkivfoto)