Det dårlege resultatet er likevel betre enn frykta i fjor haust, då verditapet såg ut til å bli opp mot 50 millionar kroner.

Plassering i norske og utanlandske aksjar har ikkje blitt den gullgruva Kvinnherad-politikarane såg føre seg då dei i 1996 laga eit kraftfond på 300 millionar kroner ved å selja aksjane i Sunnhordland Kraftlag (SKL) til BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap).

Med unnatak av 1999 har det vore minimal vinst, samstundes som politikarane i økonomiplanen har sett av 13 millionar kroner i årleg kraftfondutbyte. Og samstundes som at plassering i bank eller SKL kunne gitt langt betre utbyte på fondsmidlane.

— I fjor og i år blir dette kompensert ved at vi i haust selde konsesjonskraft for 77 millionar kroner, seier Kvinnherads økonomisjef Geir Mogren til Bergens Tidende.

Storebrand Kapitalforvaltning styrer plasseringane av kraftfondets midlar. I april blir ansvaret overteke av fleire forvaltingsselskap i fellesskap. Aksjekursane betra seg monaleg fjerde kvartal i fjor, medan januar 2002 ikkje gav det løftet aksjemeklarar spådde. Kraftfondet har til no kunna plassera inntil 65 prosent av midlane i aksjar.