Av ordførar Aksel KlosterDet er eit gamalt ordtak som heiter «Tap og vinn med same sinn». Dette ordtaket gjeld like mykje i dag som tidlegare. For dei av oss som har gått inn for utbygging av Muradalen kraft-verk, var olje— og energiminister Olav Akselsen sitt bodskap sist måndag om avslag på Kvinnherad Energi AS sin søknad om konsesjon, eit vonbrot. Straks etter at regjeringa sitt standpunkt vart offentleggjort i Rosendal, greidde me ikkje heilt å leva opp til det gamle ordtaket. Eit fleirtal i Kvinnherad kommunestyre har vore positiv til ei utviding av Muradalen kraftverk. I siste høyringsrunde slutta kommunestyret opp om NVE si tilråding på 68 GWh. Det alternativet som NVE rådde til, ville ikkje innebera tilleggsregulering av noko vassdrag. Vatnet skulle førast i tunnel i fjellet ned til ny kraftstasjon i fjellet. Alle gamle spor etter kraftproduksjon i Muradalen, slik som eksisterande røyrgate og kraftstasjon, samt gamle mastrar og leidningsnett, skulle fjernast. NVE sitt alternativ ville innebera litt mindre vassføring i Ringeriksfossen.Frå kommunen si side introduserte me den siste veka før pressekonferansen ulike alternativ som er endå mindre omfattande enn NVE si tilråding. Me kommuniserte med olje- og energiministeren, miljøvernministeren og i siste omgang også med statsministeren. Sluttvis i prosessen køyrde me på ei varsam opprusting (alternativ 6), kombinert med ei sterk fokusering på Rosendal som eit satsingsområde for natur, kultur og miljø. Spaninga var stor framføre Olav Akselsen sin pressekonferanse. Kvinnherad kommune sitt hovudargument for utviding av Muradalen kraftverk har vore knytt til vonene om store kraftinntekter i tiåra framover. Ettersom straumprisen har stabilisert seg på eit relativt høgt nivå, har me rekna det som realistisk med årlege inntekter på mellom 10 og 20 mill. kroner i kraftverket si sansynlege levetid på hundre år. Me var på det reine med at ei utbygging ville gje kommunen auka inntekter og dermed auka økonomisk handlerom. Olav Akselsen sa nei på vegne av regjeringa, og kraftproduksjonen i Muradalen vil halda fram som i dag, med ny turbin i gamal stasjon og ny røyrgate, men med eksisterande master i leidningsnett i Muradalen. Med nytt utstyr i om lag same storleik, vil vel gjerne effekten bli litt høgare enn 8,5 millionar kilowattimar som i dag. Kvinnherad Energi AS får høve til, gjennom sine rettar, å driva kraftproduksjon så lenge dei ønskjer «evigvarende konsesjon», innanfor dei rammevilkår som no er vedtekne av regjeringa.Olje- og energiministeren hadde også med seg ein god bodskap til Kvinnherad. Regjeringa vil bidra med ressursar og konkrete tiltak som i endå sterkare grad vil løfta fram dei unike natur-, kultur- og miljøkvalitetane som Rosendal sit på. Det skal etablerast eit nasjonalparksenter i bygda med utvida funksjonar. Med utvida funksjonar meiner ein eit kompetansesenter med ansvar for spesielle kulturminner og store naturvernområder. I tillegg skal Statens naturtilsyn vera representert i Rosendal. Det vil med andre ord bli etablert ein del nye statlege stillingar i bygda. Kommunen skal før sommarferien ha eit møte med politisk leiing og to fagavdelingar i Miljøverndepartementet, med sikte på å utvikla ein strategi for korleis ovannemnde målsetjing skal imøtekomast. Ein ser det som naturleg at alle relevante statlege og fylkeskommunale styresmakter, og interessegrupper med tilknyting til det aktuelle området, vil bli invitert til å delta i det foreståande plan- og utviklingsarbeidet. Rosendal er sett på kartet som aldri før, og er i ferd med å tilriva seg status som norsk senter for naturforvaltning, kulturminnevern og miljøvern.Etter kvart er det blitt mykje lettare å leva opp til det gamle ordtaket «Tap og vinn med same sinn».