Den ferske kvartalsrapporten avslører at fallet i Pan Fish ASA aleine kostar Sparebanken Flora-Bremanger nær 60 millionar i bokførte tap. Totalt har banken bokført 73,9 millionar tapte kroner per 3. kvartal, og kjem til å gå ut av 2002 med stygge raude tal på nederste linje.

Per 3. kvartal er resultatet etter skatt minus 42,6 millionar kroner, noko som er 50 millionar kroner svakare enn same periode i fjor.

Skriv Pan Fish ned til null

Sparebanken har gitt store lån med Pan Fish-aksjane som trygd, og vel no å ta høgde for at Pan Fish faktisk kan gå konkurs. Sjølv om desse aksjane har ein børsverdi på rundt 10 millionar kroner per dato, har sparebanken klok av skade valt å skrive verdien heilt ned til null.

— Vi gjer dette for å vere heilt på den sikre sida, seier banksjef Vidar Strømsøy.

Av same grunn har banken også avsett 117,8 millionar til tap, altså nær 44 millionar meir enn det som hittil er bokført.

«Dei tapsutsette engasjementa er under aktiv oppfølging, styret har initiert fleire tiltak (...) for å bringe det framtidige tapsvolumet ned på gjennomsnittleg sparebanknivå», skriv styret i sitt vedlegg til kvartalsrapporten.

Strømsøy fortel at tapsengasjementa har utvikla seg over tid. Då Pan Fish-aksjen gjekk rett til himmels, vart låneengasjementa auka omtrent tilsvarande etterkvart. Når den same aksjen har falle som eit blylodd parallelt med lakseprisane, står banken igjen med tunge låneportefølgjer sikra i nærast verdlause aksjar.

— Vi har ikkje sagt stopp i tide, det er heilt klart no i ettertid, seier Strømsøy.

Vurderte stillinga

Dei store tapa kunne skapt store problem for lokalbanken, som har forvaltningskapital på 2,3 milliardar kroner basert på grunnfondsbevis. Strømsøy fortel at leiinga har jobba hardt med å sikre banken likviditet til å kome seg over kneika.

— Vi har lukkast i å sikre oss både på kort og litt lenger sikt, noko vi er svært godt nøgde med, seier han. - Per i dag har vi kontroll på likviditeten, og banken er solid.

Men innehavarane av bankens grunnfondsbevis kan berre sjå langt etter utbytte dette året.

— Vi er svært lei oss for at resultatet dette året ikkje kjem til å gje grunnlag for utbytte, seier Strømsøy. - Men banken er heilt oppegåande, og våre etablerte kundar vil ikkje merke stort til dette. Det einaste måtte vere at vi kanskje blir meir forsiktige med nye engasjement.

— Har du vurdert di stilling som toppsjef i banken?

— Sjølvsagt har eg det. Men styret har vore klar på at dei vil ha meg, og eg har kome til at eg vil halde fram. Men det er klart at ansvaret for tapa ligg til sjuande og sist på meg som toppsjef, seier administrerande direktør Vidar Strømsøy i Sparebanken Flora-Bremanger.