debattAv Sjur Didrik FlåmDet er usolidarisk fordi annan ungdom, som ikkje slepp inn på universitetet, må slå seg fram i arbeidsmarknaden med langt mindre bruk av fellesskapets ressursar. Ikkje får dei langvarig utdanning og heller ikkje eit eige karrieresenter. Tiltaket er uproduktivt, faktisk skadeleg, fordi det vil tilsløra skilnaden mellom ferdige kandidatar. At desse lærer seg å skriva likeforma cv-ar og søknader, eller ta standardiserte kurs i å framheva seg sjølve, det er arbeidsgivar ikkje tent med. Han vil sjå etter særtrekk, kanskje skjult informasjon — og får no ei enno vanskelegare oppgåve. Tiltaket er tankelaust fordi oppgåva vår er å utdanna gode kandidatar - og å rapportera om deira varierte evner. Innpakking av alle i glanspapir er ikkje ei sak for universitetet. Illusjonskunst høver betre andre stader. Om alle statlege lærestader blir svært flinke - kanskje jamgode - i å marknadsføra sine studentar, kva har partane vunne då? Og kor mykje vil einsrettinga kosta? Om det oppstår ei todeling av studentkullet, mellom dei som greier seg utan karrieresenter og dei som treng hjelp, er då innslusinga i arbeidslivet vorten betre?Informasjonsdirektør Abrahamsen hadde ingen problem "med å forsvare oppretting av et karrieresenter som både veloverveid, produktivt og riktig". Men korkje han eller nokon annan har svart på mine innvendingar. I staden har eg fått høyra at "Det er få satsinger ved UiB som er så grundig utredet som etablering av et karrieresenter. I løpet av 90-årene har tre ulike grupper tatt fatt i problemstillingen, og alle har konkludert med at dette vil være viktig ...".Eg noterer vemodig at UiB prioriterer slik. UiB er no knapt middels godt, truleg under europeisk gjennomsnitt, men har langt over middels stor administrasjon, og er plassert i verdas kanskje mest generøse arbeidsmarknad. Det passer dårleg då at same universitet vel å styrka administrasjon og arbeidsmarknadstiltak framfor forsking og undervising.Eg trøytnar av tiltak fjernt frå forsømte kjerneaktivitetar. Eg blir forvirra av budsjettklager når ein gløymer hovudføremålet. Eg stussar over mangel på omstilling - og av evna til å gå i feil retning. No skal vi altså ha eit karrieresenter, vi som alle andre. Burde en ikkje prøva litt originalitet. For eksempel gjennom publisitet av typen: Studer i Bergen! Ved universitetet for sjølvstendig ungdom. Der studiehandboka gir god nok informasjon. Der fagkunnskap gjer karriereplanlegging overflødig. Kanskje ville dei beste studentane då søka hit? Og om UiB gir stipend motsvarande det andre brukar på studie- og karriereplanlegging, kunne vår institusjon kanskje ha ein fordel? Vakne studentar kjenner som regel først og best konjunkturane og endringskreftene i arbeid og næring. Unntaka, dei som ikkje greier lesa aviser eller studiehandbøker, kan søka til NTNU, NHH eller UiO. Enkelte vel i alle fall feil - eller burde ikkje studert. Det er sjølvsagt leitt, men slike kan ikkje hjelpast av eit karrieresenter.Kan vi greia oss utan? Ja, absolutt, meiner eg. Skal vi ha eit karrieresenter, så bør det vera sjølvfinansiert. Den som ringer dit bør først få høyra songen "Kunnskap skal styra rike og land, yrke skal båten bera" - og etterpå, mot betaling, kan vedkommande rådspørja rådgjevaren. Samtidig bør nemnde innringar kunna bli informert om karakterar, stryk, eksamensoppmeldingar og tidsbruk - bramfritt og utan tilsløring. Men planane går dessverre i andre retningar.