Universiteta skal, ifylgje Flåm, berre produsera studentar. Flåm tar også til orde for at karrieresenteret er skadeleg. Skadeleg for næringslivet. Han grunnar dette i at karrieresenteret vil læra studentane å presentera seg sjølve på ein framifrå og einsarta måte, noko som skal føra til at potensielle arbeidsgjevarar får ei vanskelegare oppgåve med å skilja kandidatane frå kvarandre. Vidare hevdar Flåm at det er usolidarisk å hjelpa studentane all den tid det er fellesskapets midlar som vert nytta.

Eg vonar mest slike haldningar vitnar om mangel på innsikt. Ein slik mangel må kanskje igjen vitna om mangel på informasjon frå Universitetet si side. I så måte skal eg gje professor Flåm rett i ein ting. Nemleg at UiB ikkje ligg på europatoppen. UiB kunne ha vore mykje betre når det gjeld spreiing av informasjon. Med slik informasjon meiner eg ikkje berre studiekatalogar og karrieresenter til studentar eller personalhandbok til professor Flåm, men òg ei aktiv marknadsføring av produkta til UiB. Produkt som vert godt marknadsført er ofte òg dei som vert mest etterspurt. Produktet til UiB er som sagt kunnskapsrike studentar. Hjå studentane og også hjå dei fleste av dei vitskaplege tilsette har karrieresenteret vekt åtgaum. Det har det gjort nettopp fordi ein trur det vil skapa ein høgare etterspørsel etter UiB sitt produkt. Noko som igjen kan få dei beste studentane til å velje Bergen i staden for NTNU, UiO og andre «konkurrerande» institusjonar.

Karrieresenteret har som oppgåve å fremja kunnskap om Universitetet til arbeidsgjevarane. Vidare skal karrieresenteret fremja samhandling mellom forskingsmiljøet, hovudfagsmiljøet og næringslivet. Ikkje alle fakulteta er like flinke til å syta for dette sjølv i dag. Tanken bak arbeidsformidlinga og «jobbsøkarskolen» i karrieresenteret er ikkje å gje akademikarane nokon fordelar dei ikkje allereie har i høve til dei som ikkje kan bruka senteret, men i første rekkje å bevisstgjera studentane i høve til rolla si som høgt kvalifisert arbeidskraft. Ei slik bevisstgjering skal hjelpa studentane til å velja rett studie i høve til sine eigne ambisjonar. Bevisstgjeringa skal samstundes gje studentane ei forståing av korleis dei kan kommunisera sin kompetanse vidare til arbeidsgjevarane.

På sikt trur eg at senteret kjem til å få mellom anna filologar inn i nye virke. I England og også i fleire andre land me kan samanlikna oss med, har det vorte vanleg å hyra til dømes historikarar og religionsvitarar som leiarar. I Noreg sit det framleis uturvande mange økonomar som leiarar. Er det kanskje derfor at ein økonomiprofessor ikkje vil vita av noko karrieresenter?

Eivind Kildal,Høyres Studenterforbund