Debatt Av Rønnaug Tveit, dagleg leiar for Karrieresenteret

I innlegget sitt 12. februar åtvarar økonomiprofessoren mot einsretting og illusjonskunst, noko han meiner vert resultatet dersom studentar ved UiB vert drilla i å skriva «likeforma CV-ar og søknader».

Professor Flåm har heva peikefingeren – for ikkje å seie knyttneven – mot Karrieresenteret heilt frå første gong det var på tale å oppretta eit slikt senter. Det han tydelegvis ikkje veit, er at Karrieresenteret i den form det har fått i dag, er studentane sitt eige initiativ. Gjennom sitt styrefleirtal i Studentsamskipnaden vedtok studentane å løyva pengar til eit slikt senter, og både Bergen kommune, UiB og Høgskulen i Bergen har finansiert oppstarten. Det er m.a.o. ikkje berrre studentar frå UiB som får nyta godt av tenestene ved senteret, alle utdanningsinstitusjonane i Bergen som høyrer med i Studentsamskipnaden har dei same rettane og mogelegheitane til å bli både «straumlinjeforma og innpakka i glanspapir», for å sitere Flåm.

Karrieresenteret opnar om ei lita veke, 28. februar. Og ja visst skal vi arrangera jobbsøkjarkurs med innlagt trening i både CV-skriving og intervjuteknikk. Ja visst skal både ferske økonomar frå Flåm sitt eige institutt, historikarar, ingeniørar og kunstkandidatar få karriererettleiing og delta på bedriftspresentasjonar.

Dette er viktige serviceoppgåver i høve til studentane, men likevel ikkje den fremste oppgåva til Karrieresenteret. Det aller viktigaste er å gjera studentane til «gangs» arbeidssøkjarar, etter at dei I 6–7 år har vore «gangs» studentar. Mange ferske akademikarar er, underleg nok, usikre på kva dei kan bidra med i arbeidslivet når dei står på terskelen til å gå ut i det. «Kva kan eg,» spør dei. «Kva kunnskap har eg som kan nyttast i arbeidslivet?» Spørsmål dei sjeldan får svar på ved instituttet dei har studert ved, så sant dei ikkje kan tenkje seg ei karriere som forskar.

Ein god og sjølvtrygg student er ikkje automatisk ein like god og sjølvtrygg arbeidssøkjar. Og det er her Karrieresenteret har si fremste oppgåve: Å bidra til at ferske kandidatar frå universitet og høgskular blir klår over den eineståande kompetansen dei har, ikkje berre grunnlagt i faget dei har studert, men også gjennom måten dei har studert på: Dei har jobba sjølvstendig over lang tid, jakta på og sortert store mengder informasjon, trekt ut det vesentlege kjapt og raskt, formulert problemstillingar, analysert, framført, samarbeidd med andre, fått kritikk, osb.

På den andre sida av bordet sit eit arbeidsliv som kanskje i like liten grad er klår over kva for kompetanse som gøymer seg på UiB og ved andre utdanningsinstitusjonar i byen. Og det er nettopp kandidatar med slik kunnskap og slike eigenskapar som trengst i eit raskt skiftande arbeidsliv: Tilsette som har fersk kunnskap, som er fleksible, kan samarbeida, har endringsvilje – og som er operative frå dag ein. Gje dei ei oppgåve, og den er løyst før lunsj!

Karrieresenteret skal vere ein møteplass for studentar og arbeidsliv, og eg har sterk tru på at begge partar har mykje å henta ved å bli betre kjende med kvarandre. Målet er at fleire ferske kandidatar skal får sin første jobb her i byen, framfor å dra over Langfjella med kunnskapen sin. Det vil på sikt også vera eit godt rekrutteringsagn for Universitetet i Bergen.