Dei ymse utspel frå Lars Sponheim har forundra meg mykje. Dei fleste av hans utspel heng lite i hop, medan ein tendens går att over alt, nemleg nedvurdering, mistenkjeleggjering, og harselas med organisasjonane i landbruket og det dei står for.

Det går ikkje å ta for seg alt, men ved eit høve nemnde han dei einsarta varekvalitetane frå meierisamyrka, som ein fekk kvar ein no var i landet. Dei som hadde fått til dette systemet måtte vera «Taliban i hodet»! (rett sitert). Nei, mangfald måtte til! Mangfald i produksjon og omsetnad, og helst skulle alle omsetja sine eigne produkt, og konkurrera med kvarandre.

Eg er så gamal at eg har minne frå den tid mjølka var omsett etter Sponheim si idealoppskrift: Mangfald i alle ledd, i produksjonen så vel som i marknadsføring.

På Bergens-marknaden var tre store salsmeieri: Manger meieri, Hordaland meieri og Bergen meieribolag. Produsentane nærast Bergen omsette mjølk rett til forbrukar.

Dette velsigna mangfald førde til ei tid som enno vert omtala med redsel mellom bønder: Mjølkekrigen. Tevling på pris gjekk so langt at til tider vart det utbetalt ned til 10 øre pr. liter til mottaksstasjon. Når det i det heile vart nokre øre i utbetaling til bonden, skuldast det at fleire tenester på vegen vart dekka av dugnadsarbeid. Slik som inntransport, istaking til kjøleanlegget og innlasting på dampbåten. Skulle desse tenestene vore betalte, ville utbetalingsprisen til bonden vera null. Dette var stoda på 1930-talet.

Omsider kom ein snunad. Framsynte bønder skjøna at den kaotiske omsetnaden måtte endrast. Eit viktig verkemiddel vart å ta taumane i eigne hender, noko alle som har minne eller kunnskap i landbrukssoge skulle vita. Sponheim har tydelegvis ingen av delane, men som tannlegeson har han sikkert vore spard for den kvardagen min generasjon enno kan minnast, men med lite glede.

Seint, men sikkert endra omsetnadsbiletet seg frå mangfaldig kaos til eit meir fasttømra system. Landbruksstyresmaktene og landbruksorganisasjonane skapte saman eit heilt nytt omsetnadssytem. Mjølkesentralen stod sentralt i oppbyggingsfasen, og omsetningsloven og omsetningsrådet la det konstitusjonelle fundamentet. Seinare har ordninga med avtalar mellom bondeorganisasjonane og staten til å fastsetja prisar og vilkår, kome til.

På produksjonssida harselerer Sponheim med at ein får den same kvalitet og standard på smør, ost og andre meieriprodukt over heile landet. Dei som har skapt dette måtte altså vera «Taliban i hodet».

I det høvet vil eg gjerne fortelja om ei hending kona og eg hadde for nokre år sidan, då me vart ståande i ein lang ferjekø på Folkestad. Bilen framom var ein italiensk-registrert Ferrari, med eit par i, og praten gjekk mellom oss på engelsk og litt agrolatin attåt. Dei var journalistar frå Roma, med heile Europa som arbeidsfelt, og svært forvitne på norske tilhøve.

Dette paret var utroleg godt orientert, og var svært begeistra for norsk mat, særleg meieriprodukta smør, ostar og rømme. Dei spurde kvifor det ikkje var laga brunost, geitost og prim i Italia og dei andre Middelhavslanda, og eg måtte til å grava i min agrohistoriske kunnskap og svara at dette hadde utgamle historiske røter. I vårt kalde nord kunne ein skaffa feit og proteinrik mat, men her var knapt med søtvarer. Det var berre mjølkesukker, honning og malt ein kunne få søte matvarer av. Italia og sørlege land hadde lettare tilgang på søte varer, men verre med protein. Difor måtte det kvite ostestoffet i mjølk, kasein, vera høgare verdsett i dei sørlege landa. Alt dette hadde forfedrane funne ut lenge før kostlæra og organisk kjemi var oppfunne.

Dei italienske journalistane undra seg over at ein i dette grisgrendte landet hadde tilnærma eins prisar, og eins kvalitetar på varene i Lindesnes som i Kirkenes. Eg fortalde at dette skuldast eit samarbeidsprosjekt mellom bondeorganisasjonane og staten, eit system som tydelegvis har fungert til beste for bonde som for brukar. Men ferja kom, italienarane takka for samværet og opplysningane. Ferrarien starta med eit brøl og spratt om bord i ferja. Me rusla etter, i vår sindige Volvo.

Det er tankevekkjande at dei ordningane som fekk lovord frå internasjonale journalistar, berre får harselas og hånord frå Sponheim. Og dei som mødesamt og steg for steg tømra dette saman, får slengt etter seg «Taliban i hodet», frå denne «vismannen» frå Ulvik.

No har Stortinget vedteke at meierisamyrket skal ha konkurranse. Dei mjølkeprodusentane som er villige til å bryta ut av samyrket og falla kameratane i ryggen, skal ha 20 øre ekstra pr. liter. Kanskje Sponheim burde leggja på til 30 sølvpengar? Assosiasjonen er då fullkomen, og humbugen soleklar for alle. For midlane til dette vert henta frå jordbruket sine fellesmidlar, som altså skal finansiera underskotsbedrifter i meieribruket — som eine og åleine skal ha som formål å bryta ned det fellesskapet har skapt.

Elles er det visst meir og meir typisk for Landbruksdepartementet at dei bryr seg lite om den næring dei skal vera talsmenn for, ved Kongens rådsbord. Dei er svært så opptekne av dyrevelferd, miljøsaker og slikt, og det er jo bra. Men, ser det ut til, dei bryr seg mindre om kva vilkår dei har, som skal driva i yrket, og leva av det.

Som gamal bonde, med organisasjonserfaring i tillegg, er det vondt å sjå korleis bondemiljøet kverv inn. Fleire og fleire må ta tilleggsarbeid for å få økonomien til å hengja i hop, og fleire og fleire gardsbruk går ut som hovudnæring. Dette er ikkje typiske småbruk, men gilde garder i tjuekyrsklassen, med mykje storfe i tillegg, og dertil rikelege ressursar i dyrkingsjord.

Ein velutdanna bonde i tredve-førtiåra sa nyleg til meg: «No orkar eg ikkje meir, eg vil selja mjølkekvoten og lata sau og kjøttfe ta seg av avlinga.» «Tenk deg no om ein gong til,» sa eg, men han slo det berre fast: «Det er vanskeleg å halda motet oppe. Først må ein arbeida for to, om ein skal ha normal inntekt. Og opnar ein ei Oslo-avis, flyt det over av bondehets og krav om billegare mat, sjølv om all statistikk viser at Ola nordmann aldri har brukt mindre av inntekta si til mat enn no, ca 10-20 prosent berre.

Nei, eg entrar nok ein oljeplattform i neste sesong, for ikkje alle kan heva statsrådlønn og ha garden som feriehobby.»

Gunnstein Kolstad