debattAv Torill Selsvold NyborgI tillegg til det skal fastlegereforma på plass i løpet av sommaren, og reforma om fritt sjukehusval som vart vedteken for nokre år sidan, er på langt nær gjennomført. Den er ugrei å bruka for pasientar og helsepersonell, og må organiserast og avklarast på ein slik måte at folk kan bruka denne retten. Før alle er fornøgde med fastlegane dei har fått, skal Stortinget bestemma om staten skal ta over eigarskapet av sjukehusa. Det har veldig hast! Høyringsrunden var kortare enn vanleg, berre seks veker, og høyringsnotatet frå statsråd Tore Tønne var meir uferdig enn vanleg.Denne store nye sjukehusreforma som angår kvar einaste innbyggjar i landet, burde ha hatt ei forsvarleg behandlingstid slik at folk flest fekk setja seg inn i kva det nye inneber. For parallelt med sjukehusreforma har Oppgåvefordelingsutvalet lagt fram eit stort arbeid som omhandlar framtidig offentleg organisering. Desse to store reformforslaga bør sjåast i samanheng, men det er det ikkje tid til slik framdrifta er no.Sjølv om statsråd Tønne forsikrar oss om at den nye sjukehusreforma er desentralisert helsepolitikk, kan eg vanskeleg sjå det slik. Tvert om ser eg ei formidabel sentralisering med oppbygging av eit solid byråkrati i Sosial— og Helsedirektoratet. Spørjetimen i Stortinget vert mest truleg den sentrale arena for helsepolitiske spørsmål, og statsråden kan gripa inn i foretaksstyra når han ikkje er nøgd med arbeidet dei gjer. Dette er ei uheldig utvikling som fremjar sentralisering av makt og vil vera pådrivar til eit stadig sterkare embetsverk.Fleire ministrar i regjeringa har hevda at velferdsstaten må vidareutviklast og fornyast. Det skal alle desse nye reformene bidra til. Problemet er at dei vert innførde "hals over hovud" og utan samkjøring. Er eigarstrukturen av sjukehusa viktig for at effektiviteten skal aukast og kostnadane reduserast? Eg er redd det motsette er tilfelle. Rikshospitalet som er eigd av staten og burde vore føredøme for all sjukehusdrift i Norge, driv dyrare og mindre effektivt enn til dømes Haukeland sykehus. Tidlegare i vår fekk Rikshospitalet ei ekstraløyving på knappe 240 millionar kroner, i tillegg til det fekk dei nyleg 40 millionar ekstra. Når staten ikkje kan visa til Rikshospitalet som "mønsterbruk", korleis skal vi som arbeider med helsepolitikk tru at det skal bli så bra når staten tek over alle sjukehusa? Ei skikkeleg gjennomføring av fastlegeordninga og fritt sjukehusval vil kreva store ressursar. Er fastlegereforma banebrytande for velferdsstatens utvikling, og var det den reforma vi skulle bruka massevis med pengar på no? Neppe. Fastlegereforma er ei gigantisk privatiseringsreform der legane organiserer seg som private næringsdrivande etter at driftsavtalane med kommunane er sagt opp. Denne organiseringa har kosta mykje til no, og har gjeve legane "bukta og begge endane" i høve til kostnadsutviklinga framover. Statsråd Tønne har kasta korta. Det er opp til Stortinget å ta dei viktige korta ned og koordinera dei slik at helsetenestene i Norge vert gode. Det er mange sider og konsekvensar ved ny eigar og styringsstruktur for sjukehusa som ikkje er utgreia. Dette er mellom anna eit organisatorisk eksperiment som er det einaste i sitt slag. Derfor skulle ein ha gjeve seg tid til å konsekvensanalysera heile reformideen både organisatorisk, juridisk, demokratisk og økonomisk. Rekninga på omorganiseringa må til slutt betalast av det norske folk, og til no har det skjedd gjennom auka skatt, avgifter og eigenandelar. Den løysinga har folk flest fått nok av, og det veit stortingsfolka no når det stundar til val.