1. mars sprengjer seg fram på kalendaren og i frosne vinterhjarter. Kvinnenes eller kanskje også heksenes dag? Den kjende feministen Simone de Beauvoir seier: «Kvinne er man ikke født, det er noe man blir.»

I denne ytringa ligg det både fortrøysting og von. Våre haldningar og tankar let seg heldigvis både skapast og endrast. Det finnes framleis dristige røyster som eskar til kamp mot urett og mot «tilværelsens uutholdelige letthet».

Eg vil no retta ei takk til dei røyster, til dei som vågar å bry seg, som freistar nå fram til det grunnleggjande gode, rettferdige og etiske som ligg i menneske. Takk til dei som bryt ut av den seige materien av likesæle og egobølgjer, med eit bodskap, ein skilnad.

Takk til deg, Oddny Miljeteig, FOs Atilla – ei rasande, omsorgsfull løvinne i fagrøyrsla. Måtte ynskje ditt om sekstimarsdag og offentleg fridag på kvinnedagen gå mot ei snarleg oppfylling.

Takk til deg, Rosemarie Köhn, dei dogmatiske kyrkjerommas kloke, reflekterte og filantropiske kvinnerøyst. Måtte ditt stille strev i mannsbastionen føra fram mot ei anna forståing. Det er dråpen som utholar steinen!

Takk til deg, Wenche Foss, for din eld for din kunst, for ditt menneskelege andlet. Måtte ditt mot, din indignasjon over det rigide og det absurd stillståande i byråkratien vekkje ein gneist i oss andre.

Takk til dykk, Ottars kvinner, for djerve ord og handlingar der latterleggjering, kommersialisme og platthet rår. Måtte dykkars kullsviartru overvinna råttenskapens mange andlet.

Til sist, takk til kvardagsheltinnene, for gode-, magiske-, forløysande-, produktive-, kreative— og trøystande hender. Måtte tida når den menneskelege faktor vert sett, opphøgd og verdsatt vera innan rekkevidde. 8. mars er ein ode, ein song og ein fabel til kvinner som dei levande lanterner dei er, i ei dunkel, men eventyrleg verd.

God 8. mars!

Borghild Øfsthus, vernepleiar