Men det er ei anna og mykje større yrkesgruppe som vedlikeheldt landet vårt slik at det er triveleg for oss å bu å oppleva. Eg tenkjer då på bøndene som utan takk eller noko form for ros plantar og sår, rydjar og reinskar for å gjera det triveleg for seg, men ikkje minst for oss andre. Tvert imot blir dei nedvurderte for kvart år og får ikkje ta del i den velstandsutvikling andre grupper har.

I Austerrike blir dette vurdert slik at bøndene får tilskot for å ta vare på kulturlandskapet med tanke på kva dette innverkar på turisttrafikken. Her til lands tek politikarane dette som sjølvsagt, men det er ikkje sikkert at det held til alle tider. Tenk kor det ville sjå ut i bygdene her vest om det ikkje var nokon som ville vedlikehalda kulturlandskapet, men berre lata det forfalla. Ta ein tur frå Røros og inn i Sverige som gjev ein klår peikepinn på korleis det kan gå. Ein kan verkeleg bli deprimert av mindre.

Per Håland uttalte ein gong: «Kvifor er oslofolk så dumme?» Med litt omskriving kunne ein vera freista å seia: «Kvifor er byfolk så dumme?» Ynskjer dei levande bygder og triveleg kulturlandskap eller ikkje? Det kan gå fortare enn ein anar og då er det berre å seia at ein får som fortent.

Ein ting er sikkert – ynskjer du endå sterkare fart på nedbygging så stem på Frp, H eller Ap. Dei har oppskrifta!

TORLEIV KONGLEVOLL