Stortinget sitt vedtak om den framtidige organiseringa av tilsyn med mat i Noreg er viktig. Vedtaket inneber at frå 2004 vil vi ha eitt mattilsyn for heile matkjeda.

Det skal no etablerast åtte regionkontor som vil vera sentrale i arbeida med å byggja opp det nye mattilsynet. For region Sogn og Fjordane og Hordaland vil mattilsynet sitt regionkontor bli etablert i Bergen.

Hordaland fylkeskommune har saman med mellom andre Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Fiskeriforum vest, næringslivet og Bergen kommune arbeidd svært aktivt for at eit av regionkontora skulle lokaliserast til Bergen. Vi er glade for at dette arbeidet no har gitt resultat.

Gjennom ei årrekkje er det blitt bygt opp ein stor sjømatkompetanse i Bergen. Det er viktig at denne kompetansen blir tatt vare på og vidareført gjennom regionkontoret til mattilsynet i Bergen i staden for å bli flytta til Oslo. Reforma inneber ikkje berre at Bergen og Hordaland skal ha ei sentral rolle i mattilsynet. Etableringa av eit regionkontor i Bergen vil også kunna bety svært mykje for næringsutviklinga i heile regionen.

Ikkje minst vil mattilsynet vera til stor nytte for oss alle som forbrukarar. Det skal sikra oss trygg mat. Oppslag i media den siste tida dokumenterer klart trongen for eit slikt tilsyn.

Det nye mattilsynet skal også arbeide for god plante— og dyrehelse, god fiskehelse og god fiske- og dyrevelferd.

Det har gjennom mange år blitt arbeidd med å gjennomføra reformer innan matforvaltning. Eg er svært glad for at regjeringa har fått brei oppslutnad i Stortinget om denne viktige reforma.

TORILL SELSVOLD NYBORG FYLKESVARAORDFØRAR, KRF.