Eit opprør som starta i Finnmark, og som no også skal ha byrja å røra på seg i Sogn og Fjordane. Det er nok rett som han skriv, at det er både velstelte gardar og forfalne hus som pregar Vestlandet. I mine auge, velstelte fordi det er mange dyktige bønder, og forfalne hus grunna manglande interesse hjå ein del «sofabønder». Mange vil grunngje det med dårleg økonomi, men eg er overtydd om at alle har råd til å skifta ut eit råte bord på eit hus og bruka litt maling på bygningar der det trengst. Det er ikkje berre ein bygning som forfell, nei, i mange tilfelle er det byggverk. Det ligg mykje arbeid og historie bak ein gamal driftsbygning som generasjonar før oss har bygd. Det er ein del av vår kulturarv som går tapt. Det samme gjeld gjengrodde marker og stiar. Men samtidig må det vera klinkande klart for Jens Stoltenberg og co.: skal vi fortsatt ha ein sikker matvareproduksjon med levande bygder og eit kulturlandskap, må det verta bedre økonomiske vilkår for oss bønder. Men, eg er redd for at så ikkje vert tilfelle. Vi har ein landbruksministar som berre skrik på billigare mat og ikkje tenkjer så mykje på trygg mat – ei regjering som er meir ihuga å føra ein europapolitikk enn ein god distrikts— og jordbrukspolitikk i dette landet. Valkampen er snart i full gang. Flyselskapa som trafikkerar kortbanenettet i Kyst- og Distrikts-Noreg kan i hvert fall sjå betre økonomiske tider i møte. Då skal Jens, Thorbjørn og co. reisa land og strand. Trykka gamle og sjuke til sine bryst, besøka småbedrifter og eta norskprodusert mat. Då vert det lovnader om einerom for gamle, bedre vilkår for bedrifter i utkantane, og satsing på norsk landbruk. Alt saman vallovnader, eller rettare sagt løgner. Når valnatta er over set Stoltenberg og co. seg i sine svarte limousinar på veg til Gardermoen for å booka inn på første fly til Brussel, Jerusalem og alle andre viktigare stader enn i Distrikts-Noreg. Utstyr dei med ein «one way ticket no return». Vi bønder vil ikkje lenger finna oss i å vera husmenner på våre eigne gardsbruk. Vi vil ha tilbake stoltheita med det å titulera oss for bønder, og at det ikkje er einsbetydande med eit skjellsord. Vi skal ikkje som bønder berre produsera mat, vi skal også ivareta kulturlandskapet og kulturen slik at landskapet rundt oss kan vera til glede for oss sjølve, og ikkje minst turistane som strøymer i hopetall til Noreg. Skal bygningar og kulturlandskapet gå til grunne kan det hende at for eksempel Villmarkssafari til Sogn kan verta det nye reisemålet for mange om 20–30 år. Ta makta attende frå byråkratar og politikarar. Lat oss ta attende makta og kontrollen med omsettinga av eigne matvareprodukt i større grad enn i dag. Oppretta markedsplassar for direktesalg. Sjølv driv eg med direktesal av eigen fruktproduksjon. På den måten møter eg forbrukarane ansikt til ansikt, oppnår større sosialt kontaktnett og dei vil også få ei bedre forståing på norsk landbruk og matvareproduksjon. Eit opprør må til for å vekka dei «daude», (les byråkratar og stortingspolitikarar), men vel så viktig er det at vi alle tek eit oppgjer med oss sjølve på korleis vi vil at det skal sjå ut i dette landet. Eit oppgjer med eigne tankar og handlingar.

Dette vart nokre tankar på ein tidleg morgon der Sogn syner seg frå si finaste side med brusande fossefall, grønkledde lier og frukthagar langs fjorden, i full blomstring.

Takk Gud og bøndene for eit vakkert land og kulturlandskap vi fortsatt har.

Rune Haug