Det er nok av fora som driv folkeopplysning om ein ikkje skal verta pådytta dette i kinosalen. Ein annan irriterande tendens er å leggja so mykje tolking i ein film at det til slutt liknar verken fugl eller fisk. Fyrsteamanuensis Peter Stigar ved Griegakademiet er ein av desse. I ein kronikk i BT 28. mai, heilslaktar han filmen som toppar vitjingsstatstikken ved Bergen Kino i desse dagar, Matrix Reloaded. Ein respekterar folk som på død og liv vil ha moderne bildeforteljingar tilbake til lukkelege NRK-dagar i svart/kvitt der hovudkarakteren skapte ei «actionrelatert rørsle» kvart skotår, men eit moderne kinopublikum trivst neppe med det. Ein treng ikkje trengja serleg langt ned i materien av Stigars kronikk for å sjå ei nedlatande haldning til populærkulturen der han konkluderer med at The Matrix (den fyrste) er noko så sjeldan som eit interessant stykke populærkultur, medan oppfylgjaren Matrix Reloaded er «intet annet enn et støyende stykke vrøvl». I eit av dei mest anerkjente tidsskrifta innan Horror, Science fiction, og Fantasy, Cinefantastique, vert produsenten Joel Silver intervjua om kvifor ikkje skaparane bak Matrix trilogien uttalar seg om sine filmar:

Når folk spør Matrix-skaparane kva Matrix er, svarar dei kort og greit: «2 t og 16 min». I kontrakten med Warner Brothers fortel dei at dei ville gjera oppfylgjar filmane kun viss dei slapp å forklara kva det handla om. Her må ein seie seg heilt einig med Matrix-skaparane Wachowski-brørne brødrene: «Whatever you think it is, that's what it is». Dette syner på ein fin måten respekten for publikum, eller for å sitera Olav H. Hauge i eit av hans dikt: «Det vetle som skal te har alltid hjarta visst». So enkelt er svaret og på kvifor denne filmen toppar vitjiingsstatistikken på Bergen Kino og kvifor so mange ser den.

KURT OLAV HELLE LONEVÅG