Kvar og kva som vert skrive på eit språk signaliserer kva språket er dugande til. Når ingen aviser i Akersgata skriv på nynorsk, gjer det at folk tenkjer sitt om kva dei kan, og ikkje kan, skriva om på nynorsk. Det er ingenting i nynorsken i seg sjølv som gjer han mindre brukande til å skriva om krigen mot Irak, Orderud-drapa eller kjønnskvotering på — det skjer berre ikkje! Forklåringa på dette er at nynorsk ikkje høver i VG og Dagbladet, i fylgje intervju i Klassekampen 28. april d.å. med Olav Versto. Mitt spørsmål vert då: Kva er det med nynorsken som ikkje høver? Er det alle hokjønnsorda i nynorsken? Eller er det orda «eg» og «ikkje» som ikkje høver i tabloidpressa? Eller er det rett og slett slik at det er nynorsken som provoserer i aviser som vert gjeve ut i hovudstaden? Eg trur det siste.

Nynorsk provoserer. Nynorsk har alltid provosert. Rett og slett av di nynorsken representerer noko anna enn bokmålet; trua på at dei dialektane folk i heile Noreg talar, er minst like gode som slik dei talar i hovudstaden. Trua på at dei tankane folk i heile Noreg tenkjer, er minst like gode som det dei tenkjer i hovudstaden. Trua på at dei lokale kulturane og tradisjonane ein finn i heile Noreg, er minst like gode som dei ein finn i hovudstaden. Det er ikkje rart at slike påstandar provoserer i Oslo!

EVA MARIE MATHISEN,

SKRIVAR I NORSK MÅLUNGDOM