Det må ho seie for å møte noko av den stormen som har kome frå Kommune-Norge etter at fellesskapen sin velferd har vorte enno meir underfinansiert. Skule og sjukehus vert framleis bygd ned her i landet — samstundes som dei rike får stadig betre høve til å auke formuane sine. Folk bør merke seg at kommunalministeren berre lovar knappar og glansbilete.

Ho vil ikkje betale ned gjelda som fylka - spesielt Hordaland - har fått gjennom mange års underfinansiering av sjukehusdrifta, og som no trugar drifta av vidaregåande skule.

Ho vil ikkje gå tungt inn og slette den tunge kommunegjelda - som pressar kommunane til å seie opp folk dei treng sårt.

Ho vil ikkje ruste opp skulen - etter forsømt vedlikehald i ei årrekkje. Ho seier ho kan ikkje frigjere seg frå ein økonomisk røyndom som set grense for kor store dei offentlege utgiftene i sum kan vera (les: ei høgreside som krev skattelette og meir marknad).

Og ho er frekk nok til å seie at ynska om innhald og storleik av offentlege tenester alltid vil vera større enn det er rom for å innfri.

Kommunalministeren og regjeringa vil auke litt, men hovudsvara er meir konkurranseutsetjing og effektivisering (løp fortare, lågare pensjonar).

For ikkje å bli mistydd: eg er samd i at effektivisering og betre løysingar ofte er mogeleg, men det krev tid, samråd og utprøving - ikkje pisk og press.

Hovudtiltaket for å rette opp skadane i offentleg sektor er i dei fyrste åra meir pengar. Og dei finst i overflod - hjå dei rike og hjå staten.

Kommunalministeren og regjeringa bør bli møtt av reaksjonar frå mange framover til budsjetthandsaminga. Frå foreldre utan skikkeleg skule for borna, frå kvinner i omsorgsyrke, frå pasientar og pårørande, frå ordførarar og lokalpolitikarar.

Av Sigurd Solberg, Hordaland RV.