Helten i teiknefilmen «Argai» — ei løve som skulle fri ei prinsesse - han som gjorde det gode og som borna skulle sjå opp til.

Eg har lese litt om utviklingspsykologi, om teoriane til Erikson og Maslow. Det er klart at born er lett påverkelege, og eg er rimeleg sikker på at dei fleste borna som såg barne-tv rundt halv ti på søndag, var åleine.

Er du ein av foreldra som ligg og søv, med borna framfor tv-apparatet? Born bør ikkje sjå tv åleine i det heile. Ein bør heller skru av og gå ein tur ut med heile familien eller -leike, -spele spel eller prate. Kven vil vi at borna skal identifisere seg med. Ein far som er til stades når borna treng det, eller ei «tøff» løve som sender skurkane til helvete?

Seinast 6. oktober skriv Dagbladet om Senjahopen skole som vart stengd fordi rektor var lei av at elevane heilt ned i 10 år kalla lærarane «forpulte fittehore» eller «helvetes satan». Den verda som borna veks opp i med tv, eldre eller meir dominerande born og kanskje dataspel og Internett, er alt for ofte prega av å dyrke det vonde. Det er mykje godt i verda også!

Men i barnehagar og barneskule ser ein ofte born i leik som inneheld drap og vald. Vi må gi borna noko betre å leike med, betre tankar å fylle hovudet med.

Den nye kringkastingslova seier at born skal vernast frå program som «kan være skadelege for mindreårige si psykiske, fysiske og moralske utvikling». Upassande program, med unntak av nyheiter og aktualitetsprogram, skal anten annonserast med ei munnleg åtvaring eller merkast med eit ikon under heile sendinga.

Konserndirektør i TV 2 sa i høve den nye lova til Aftenposten at «Vi har fulgt vannskillet i mange år, så dette vil neppe få noen praktisk betydning for vårt sendeskjema.» Ja, vel? TV 2 meiner at barne-tv av den karakter som eg har beskrive over, og ikkje minst «Hotel Cesar» parallelt med barne-tv i NRK ikkje «kan være skadeleg?».

Vi må ta ansvar alle saman, særleg foreldra, slik at borna får ein betre oppvekst.