Bogen hadde vore i Murmansk for å følgje den planlagte hevinga av «Kursk», og var på veg attende til Kirkenes med ein russisk sjåfør bak rattet.

Ved Nikel køyrde bilen av vegen, og Bogen pådrog seg store brotskader. Han greidde sjølv å ringje TV 2-redaksjonen i Bergen, som varsla politiet i Kirkenes. Ein ambulanse med lege vart sendt over grensa, og Bogen vart henta på det lokale sjukehuset i Nikel, dit han var frakta av ein russisk ambulanse.

Fordi russisk politi hadde tatt Bogens pass og andre reisedokument, vart ambulansen med den skadde reportaren halden attende i to timar på grensa.

ý Det løyste seg til slutt, og han kom fram til sjukehuset i Kirkenes torsdag ettermiddag, seier nyheitssjef Knut Andreas Skogstad hos TV 2 i Bergen.

Bogen vart i går kveld operert for brotskadene. Han skal ikkje vere livstrugande skadd. Øystein Bogen er utanriksreportar med base i Bergen, og har Russland som spesialfelt. Han var blant anna med og laga ein prisbelønt dokumentar om nettopp «Kursk»-forliset.