Av Aslaug Tveiterås

Sviket mot dei gamle damene er ikkje å fjerne samordning av pensjon. Sviket var å gjere dei til minstepensjonistar, det vart gjort for lenge sidan, då damene/kvinnene var langt yngre. Då forventa herrane at dei skulle vere gratishushaldar for seg og — ikkje minst - passe borna deira. Men dei ordna ikkje med nokon pensjon for dei, ikkje før vi fekk innført folketrygda. Men opparbeidde pensjonsrettar fekk dei ikkje då heller. Dei fekk minstepensjon , og det er ikkje stort. Eg kjenner fleire kvinner som, den gong dei var i sin beste alder, ikkje fekk lov av ektemennene sine å arbeide i løna arbeid (som ville gitt dei pensjonspoeng). Det er desse mennene som har gjort sitt for å skape minstepensjonistar.

Eg er ei gammal kvinne (det er ei eufemisme å kalle meg eldre). Økonomisk har eg aldri i mitt liv hatt det så romsleg, eg har mange gonger sagt at eg vil ha meg fråbedt å bli syns synd på fordi eg er pensjonist. Men eg har alltid forsytt meg sjølv, det har eg sett mi ære i. Saman med ektemann har eg forsytt og oppfostra tre born, og døtrene har eg innprenta: stol ikkje på at ein annan person skal forsyte deg, det skal du sjølv gjere. Slik blir dei ikkje minstepensjonistar.

Men då eg vart pensjonist, skulle eg, anten eg ville eller ikkje, definerast i høve til ein annan person. Den dagen eg vart pensjonist, vart mannen min fråteken ein god slump av den pensjonen han inntil då hadde fått (minus 1/4 grunnbeløp), og eg vart definert som mindre enn ein heil sjølvstendig person. Nokon meiner at dette var rettvist, for det er då billegare å bo to saman. Men kvar er det prinsippet slått fast? I lønssystemet? Eller i pensjonssystemet, dersom dei samboande er syskjen, vener e.l.? Berre ikkje dersom dei er mann og kvinne.

Det er då heller ikkje slik at pensjonen blir utbetalt samla til eit ektepar/samboarpar, det er vel fordi dei kvar for seg skal ha sine eigne pensjonar som dei kan disponere uavhengig av kvarandre.

For meg er det viktig å få lov å vere eit heilt og uavhengig menneske, derfor reagerer eg svært negativt på at noko av pensjonen min blir teken frå meg fordi eg lever saman med eit anna menneske. Dette er ikkje eit argument om økonomi, men om eit prinsipp som er rav ruskande gale. Det økonomiske er ei sak for seg, men eg vil at pensjonen min skal vere den same som for alle andre heile og uavhengige menneske. Dette er rett og slett eit likestillingsspørsmål.