ARNE HOFSETH (tekst og foto)arne.hofseth@bt.no

Nøyaktig kva slags produkt det første svenske "egget" i den nordiske "rugekassa" på Tvildemoen skal klekka ut, vil han førebels ikkje fortelja. Men det synest klart at programvara hans skal kunne brukast i samband med Internett, og at det skal utviklast på mange språk. SAIL-teknologi (tale, språk og kunstig intelligens) skal brukast i produktet, men ikkje nødvendigvis Lernout & Hauspie (L&H) sin versjon. NST (Nordisk Språkteknologi) litt lengre nede på Tvildemoen er ein svært aktuell teknologileverandør.

Strandberg vil gjerne rekruttera arbeidskraft lokalt, men er ikkje framand for å henta inn ekspertise utanfrå. Dei første to åra vil verksemda berre trenga tre-fire tilsette.— Eg satsar på SAIL Port på Voss fordi ein her har spesialisert seg på SAIL-teknologi. Inkubator-modellen høver godt for meg fordi dei tilsette her tek seg av mykje av det praktiske med bedriftsetableringa og det forretningsmessige. Eg kan konsentrera meg om å utvikla produktet, seier Strandberg til Bergens Tidende. SAIL Port Northern Europe (SPNE) har på si side sjekka at produktet er teknisk og forretningsmessig levedyktig, fortel direktør Leiv Hartly Andreassen.

Etter nedturen for L&H og SAIL Trust er han glad for at SPNE er på offensiven igjen. Rendaxa Software har etablert seg med kontor i brakkeriggen like ved senteret sin første norske "kunde", CLS Norden. I løpet av året er målet å få minst åtte etableringar på plass.

Forretningsutviklinga i SPNE vert leia av Tore Andri Skjervheim. Rendaxa har særleg fått oppfyljing av to rettleiarar, amerikanaren Eric Haukebø Larsson og norsk-ghanesaren Cherno Narja Bah, saman med senteret sin administrative koordinator Mona Hellesnes. - Vi tek oss av det praktiske. Alle viktige spørsmål må Per Strandberg avgjera sjølv. Det er hans butikk, seier Hellesnes.Statistisk har ei nyetablering mellom 80 og 90 prosent sjanse til å lukkast i eit senter som SPNE, mot 25-30 prosent på eiga hand, fortel Andreassen.