LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noStord— Det er spesielt viktig i ei tid med stagnasjon innan olje og gass, seier administrerande direktør Olav Linga (biletet).Aker Elektro-sjefen karakteriserer dei nye skipskontrakane som eit gjennombrot på det norske markedet.- Dette er noko me har jobba med eit par års tid, og det bør vera gode sjansar til ytterlegare innpass i dette markedet, seier Olav Linga.Aker Elektro på Stord skal levera komplett dieselelektrisk framdrift- og automatiseringssystem til fire forsyningsskip som skal byggjast ved Aukra Industrier i Romsdal. Verftets byggjenummer 104 og 105 skal driftast av Eidesvik AS på Bømlo og Simon Møkster Shipping AS i Stavanger, og ha rute mellom Norsea-basane langs kysten og plattformer i Nordsjøen. Første skip skal leverast i slutten av april 2002, det andre 30. november same år. Eigen teknologi - Me sel like mykje teknologi som arbeidstimar, sjølv om det grovt re kna vil vera kring 20 årsverk knytta til kvar båt der det ikkje er fastlagt kva tid dei to siste skal leverast. Teknologien er delvis eigenutvikla, og gjer at me går styrka inn i eit marked der me kan få ytterlegare to kontraktar i næraste framtid, om alt klaffar, seier Jan Olaf Bommen, leiar for marked og teknologi i Aker Elektro. På gårsdagens presentasjon hadde han med seg Arne Stenersen, sentral på salssida.- Det ha r vore hard konkurranse om desse oppdraga, der me i stor grad har dratt brukarane av utstyret med i prosessen. Det er folka som jobbar i reiarlag og om bord i båtane som best veit korleis dei vil ha ting, seier Stenersen. Ventar vekst Aker Elektro omsette for 650 millionar kroner innan olje og gassrelaterte oppdrag i fjor, og har som mål å halda omsetjinga der på dette nivået også i 2003.- Der me har som mål å auka omsetjinga er på skipsmarkedet, der me satsar på å veksa frå fjorårets 150 millionar kroner til 250 millionar om to år. I så måte er denne kontrakten svært viktig for oss, seier adm. dir. Olav Linga.Det tredje store feltet Aker Elektro satsar på, er innan energi- og industrisektoren. Også her legg selskapet opp til ein auke med 100 millionar på tre år, frå fjorårets 200 til 300 millionar i 2003.Som eit lite apropos, første skipskontrakten selskapet sikra seg kom alt i stiftingsåret 1946. Den var på 23.000 kroner, til skøyta "Voni".