ARNE HOFSETH

Pieper skal ha røysta blankt ved det høvet. Han har hatt vervet i berre to månader, og til liks med Duerden gått inn for å vinna att aksjonærane sin tillit ved ope innsyn i selskapet.

Pieper har vore rekna som den støe rormannen mellom den belgiske og amerikanske fraksjonen i styret, der belgiarane no ser ut til å ha overtaket.

L&H kunngjorde i går også at Microsoft sin mann i styret, Bernhard Verges, trekte seg for to veker sidan.

Roel Pieper seier i ei pressemelding at han har tiltru til den nye konsernsjefen Philippe Bodson, og går av for å gje han frie hender. Sjølv vil Pieper konsentrera seg om si eiga forretning og professoratet ved Twente-universitetet i Nederland.