Det treng han og Høgre ikkje vera. For samarbeid dreiar seg ikkje berre om pengar, men også om å ha respekt for kvarandres særpreg, og det har Ap, Sp, V og KrF. KrF har i dette samarbeidet fått gjennomførd mykje god KrF-politikk som kjem innbyggjarane i Hordaland til gode.

Hordaland fylkeskommune har hatt ein utfordrane periode dei siste seks åra. Underskota byrja å koma då Høgre var i posisjon (1998-99). Sjukehusfinansieringa var utilstrekkeleg, og behovet for behandling var stort, og dette gjekk ikkje i hop. Deretter overtok staten sjukehusa slik Høgre ville, og etterlet seg ei sjukehusgjeld på 600 millionar kroner. Riktignok har vi fått noko kompensasjon frå staten, men framleis har vi stor sjukehusgjeld og ei stor underfinansiering i barnevernet. Høgre har til no ikkje kome med løysingar som kan retta opp denne skeive utviklinga korkje i regjering eller i fylkesting. Høgre har programfesta ei nedlegging av fylkeskommunen og motivasjonen til å finna konstruktive løysingar er deretter.

Derimot har fleirtalskoalisjonen i fylkestinget teke ansvar slik vi skal, og har sett «tæring etter næring». Vi hadde planlagt å få budsjettet i balanse i 2002, men ein «ny» måte å føra utgiftene til Statens Pensjonskasse på, kom i slutten på desember. Det gjorde, saman med eit større underskot enn varsla i barnevernet, at vi diverre måtte bokføra eit underskot på 42,1 millionar kroner for 2002. Men det er heldigvis vesentleg mindre enn dei 60 millionar kroner som Tom-Christer Nilsen får det til.

Elles er invitten frå Nilsen om samarbeid i neste fylkestingsperiode notert, men då er det ein dårleg strategi å «slå» først og «fri» etterpå.

Torill Selsvold Nyborg, fylkesvaraordfører