TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Den austerrikske bilistorganisasjonen OEAMTC har rangert tryggleiken i 16 tunnelar i sju land. Lærdalstunnelen endar nest sist.

Mellom anna blir det peika på at det er asfalt i Lærdalstunnelen og ikkje betong. Asfalt kan nemleg brenne. I tillegg er det lista opp ei rekkje andre manglar. Eksempel på sikkerheitstiltak som manglar er videoovervaking, naudutgang, høgtalar og støyskjerming av naudtelefonane.

Trass i at i den 24,5 kilometer lange tunnelen får strykkarakter, meiner Vegvesenet at det er trygt å køyre gjennom. Til NRK Sogn og Fjordane seier Gunnar Lotsberg ved Statens vegvesen i Sogn og Fjordane at mange av punkta som er lista opp ikkje er relevante for Lærdalstunnelen, eller at dei har betre løysingar.

Vegkontoret innser likevel at når ein stor bilistorganisasjon peikar på manglande tryggleik, kan det skremme folk frå å komme og køyre gjennom den lengste vegtunnelen i verda. Dei vil no prøve å få fram at tunnelen er trygg.