Kraftnæringa er ei utprega kapitalnæring så då må også forklaringa ligge på kapitalsida. Ser ein på rekneskapsstatistikk i SSB finn ein at den langsiktige gjelda nesten har eksplodert.

For året 99 åleine auka gjelda med 31 prosent, og vil no sannsynlegvis vere på rundt 100 milliardar kroner. Når totalkapitalen ligg mellom 2 og 3 hundre milliardar kroner, så er det lett å forstå at dette må få konsekvensar for kraftprisen.

Eg reknar med at låna er tekne opp i utanlandske bankar med tre prosent rente og avdragstid på tjue år. Det vil då utgjere 10 øre/kwh når eg skal ta dette inn att i det som heiter allmennforsyninga.

Grunnen til det er sjølvsagt at dersom den kraftkrevjande industrien hadde fått same prisstigninga som vi andre, ja då hadde det blitt eit sabla bråk, og det har det ikkje vore. For å unngå endå verre prisstigning har staten no hatt to redningsaksjonar, først med å gje den ivrigaste oppkjøparen; Statkraft, 5 milliardar kroner i gåve og 10 milliardar kroner i lånegaranti, og så nyleg med å setje ned den statlege avgifta med eit heilt øre.

Kraftnæring har teke høgde for nye utkjøp av kommunale kraftselskap, det syner overskotet i Statkraft i fjor og det syner overskotet i heile næringa på høvesvis 1,3 og 8 milliardar kroner. Eg for min del er så uheldig at eg bur i nedbørsfeltet til Statkraft og vil då for lang tid framover få ei stor kraftrekning.

Dersom det er ein viss vilje i Stortinget til å halde på statleg eigarskap for framtida, så var det endå noko, men det finst ikkje. Kanskje det var ein idé at vi fekk oss ein minister for lågare kraftpris slik jordbruket hadde med Bjarne Håkon Hanssen, og sjølvsame Hanssen har vel hugsa kraftrekninga når han no held på med fattigdomen.

Av Magnar Juklestad, Årdal i Jølster