Eit interessant prinsipp. Det er berre at slike prinsipp ser ut til å gjelda berre når det høver for dei austafor. Dei fleste veit at det er her vest det til vanleg kjem mest nedbør og at vi normalt eksporterer meir straum austover enn vi importerer. Det eigentlege Prinsippet er såleis at vi her vest skal betale mest. Det same prinsippet gjeld og for oljeressursar. Vi her vest, som har olja, må faktisk betale frakt-tillegg (eksportavgift?) for bensinen, i motsetnad til sentrale stader på Austlandet. Eit paradoks for oss som bur i Lindås med Mongstadraffineriet.

Når det gjeld vegbygging, betalar vi vestlendingar bompengar så det svir. Frå Nordhordland til Stavanger kostar det 550 kroner i bompengar (inklusiv ferjer), mens aust-vest kostar under 100 kroner (Stavanger-Oslo ca. 60 kroner). For ikkje å sei lokalt på Austlandet, der bompengar er eit nytt og nesten ukjend omgrep. Det at Vestlandet er heilt avhengig av ferjer, gjer at vi her vest i praksis har innført permanent høgare vegskatt enn i aust. At vi her vest ausar naturressursane austover og må ta miljøulempene sjølve, er heilt i tråd med Prinsippet. Når so dei store selskapa gjerne skattar til Oslo, er det etter same Prinsippet.

Austlendingar vert harme når det er snakk om bompengar på ny Svinesundbru. Mens handleturane til Sverige for å kjøpe billeg kjøt og sprit er eit av grunnlaga for ny Svinesundbru, må ein her på Vestlandet betale bompengar omtrent for å hente posten. Prinsipp: Gratis luksus i aust, luksusavgift på grunnbehov i vest.

Utspelet om ekstra høg pris på straum her vest i vinter, provoserte meg, og eg håpar andre reagerer på same måten. Kunne ikkje bompengar på Svinesundbrua subsidiere straumprisane her vest?

ODDVAR HAUGLAND, KNARVIK