Av Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund

Spørsmålet må vi stille etter meldingane i det siste om frislepp i strandsona. BT fortalde nyleg at kommunane i Hordaland innvilga 194 dispensasjonar frå forbodet mot bygging i 100-metersbeltet langs sjøen. Sogn og Fjordane ligg ikkje langt etter med 150, ifølgje NRK i fylket.

Sjeldan ser vi nemneverdig av konkrete argument for dispensasjonane. Men det er blitt eit politisk refreng å vise til lokaldemokratiet. Ja, er det nå slik at folk flest ønskjer desse dispensasjonane og nedbygging slik at sjøen blir mindre og mindre tilgjengeleg?

I Naturvernforbundet får vi stadig telefonar frå folk som ber om hjelp til å hindre nye hytter og andre byggverk. Enno er problemet ofte ikkje at det er mangel på strender, målt i lengde, men at hyttene kjem på dei plassane som er mest ettertrakta av folk flest, eller at dei er til sjenanse for dei som bur fast i området frå før. I tillegg får vi ofte nye hytter i uforstyrra natur, slik at det blir mindre igjen til fuglar og anna liv. Nedbygging av strandsona er eit veksande naturvernproblem.

I plan— og bygningslova har kommunane eit instrument til å avklare konfliktar mellom ulike interesser og finne fram til ein balanse mellom utbygging, friluftsliv og omsyn til naturen. Det som skulle vere ei opning for å dispensere der arealplanen er direkte urimeleg, er i mange kommunar den vanlege heimelen for å gje hyttesøkjarane ja. Dette verkar godt for dei som vil byggje, men dårleg for alle andre. Saka går raskt, og få veit om kva som skjer før det er for seint, når byggherren er på plass. Styrker det lokaldemokratiet at få er innblanda i sakene?

Og bør det vere slik at politikarar kan gjere lovstridige vedtak, som å dispensere frå byggjeforbodet utan grunngjeving, utan at det får konsekvensar? Bør dei ikkje følgje dei lovene dei er valde til å forvalte?

I naturforvaltninga må vi nå spørje om det tener folkeviljen at dei som skal avgjere sakene sit heilt nær dei som har interesse av å byggje hytter i strandsona, selje hyttetomter, køyre snøscooter osv. I mange lokalsamfunn er det ikkje alltid lett å stå opp imot konkrete framlegg som grannen eller andre kjenningar står bak. Kanskje er det ikkje lett for politikarane heller. Kvar for seg ser sakene gjerne ikkje så alvorlege ut, og minste motstands veg er ofte å seie ja eller i alle fall ikkje seie imot. Mange utkantkommunar slit med økonomien, og i presskommunar er utbyggingstrykket tilsvarande større. Å sjå framover, om ikkje meir enn nokre tiår, kan vere problematisk nok.

Men det bør i det minste vere slik at det er ein balanse mellom retten til å avgjere saker og plikt til å stå til ansvar for konsekvensane. Ein slik balanse manglar i dag. Mange kommunar har slutta seg til Fredrikstaderklæringa og andre program for berekraftig utvikling. Her står medverknad frå mange, både personar og organisasjonar, sentralt. I praksis verkar det ofte dårleg. Vi får inntrykk av at i mange kommunar er lokaldemokrati eit ord for rett til å byggje ned meir natur. Det er meiningslaust.