Eg avslutta innlegget mitt med å gje uttrykk for at det hadde vore bra om me kunne få ein debatt om korleis me vil ha desse sakene i framtida, ikkje om praktiseringa av dagens regelverk. Plan— og miljøsjefen sine kommentarar tyder på at ho ikkje heilt har skjøna poenget mitt, eg vil derfor presisera kva eg meiner.

Dagens regelverk er slik at det i eit belte på 100 meter langs vår vidstrakte kyst er eit generelt byggeforbod. Min påstand er framleis at det er ein forelda tankegang som ligg bak ein slik regel. Formålet med denne regelen er som Miljøvernminister Børge Brende har uttrykt det, å sikra allment friluftsliv. Det er eg heilt einig i. Spørsmålet er berre om det å ha ein forbodsregel langs heile kysten vår, ein regel det kan gjevast dispensasjon frå, er det som ivaretek desse interessene best. Alternativet er som eg skisserte i mitt førrge innlegg at kommunane i samband med handsaminga av arealdelen i kommuneplanen peikar ut dei område som verkeleg har allmenn friluftsinteresse. Slike område kan liggja både innanfor og utanfor dagens 100 meters belte. Når plan og miljøsjefen hevdar at dette ikkje er noko framtidsløysing må eg berre slå fast at eg er heilt ueinig med ho i det.

Etter mitt syn er det å sikra dei område som har allmenn friluftsinteresse framtidsretta politikk. Det kan vera område både innanfor og utanfor 100-metersbeltet. Det å ha ein regel som inneheld eit generelt byggeforbod i eit 100 meters belte langs vår vidstrakte kyst er fortidas politikk. Grunnen er at det kan gjevast dispensasjon frå regelen. Det er ikkje med å sikra allmenne friluftsinteresser. Det gjer det byråkratisk og vanskeleg å byggja i område der bygging absolutt bør tillatast.

Som plan og miljøsjefen skriv i sitt innlegg er det kommunane som har ansvaret for arealplanlegginga og forvaltninga. Eg held derfor fast på at dersom overordna planmyndigheit meiner at ein kommune ikkje held seg til lova i desse sakene så får ein ta det opp med vedkomande kommune. Alternativet med å koma med generelle trugsmål om å ta frå myndigheit til alle kommunane som ein tilsett i Fylkeskommunen gjorde i sitt innlegg i BT 110702 er heilt uakseptabelt og bør ikkje førekoma.

Avslutningsvis har plan og miljøsjefen ein kommentar til arealplanen i Fusa kommune. Ho hevdar at arbeidet med å rullera arealdelen er stansa opp. Det er feil. Arbeidet med arealdelen er i full gang.

Av Magne Djuvikkommunestyremedlem i Fusa.