BT hevdar at «det berre vert skrentane og skrapvikene att til kommande generasjonar dersom det lokale vanstyret får halda fram». Kommunane Fjell, Bergen og Os vert nemnde som verstingar i høve utbygging i 100-meters beltet.

BTs synspunkt er oppsiktsvekkjande. For det første ville det vore eit hardt slag mot lokaldemokratiet dersom t.d. fylkesmannen skulle overta handhevinga av byggjeforbodet i strandsona. Kan ein forvente at byråkratane hos fylkesmannen har detaljkunnskap om tilhøva i strandsona i alle Hordalands-kommunane? Sjølvsagt ikkje. I dag er fylkesmannsembetet klageinstans i slike saker, og gjer dermed naudsynte korrektiv til kommunane sin praksis i høve nasjonale retningsliner på området.

Trur BT verkeleg at lokalpolitikarar i Os, Fjell og andre kommunar har eit ynskje om å rasera den viktigaste naturgitte fordelen vi har som kystkommune, strandsona? Og om no så gale skulle vera, trur BT at veljarane i desse kommunane ville gitt slike politikarar attval? Sjølvsagt ikkje. Så mange veljarar med mykje «pengar og makt», som BT definerer at utbyggjarane i strandsona har, finst ikkje.

Innbyggjarane i desse kystkommunane har derimot stor forståing for at strandsona og sjøen skal nyttast aktivt både til verdiskaping og fritidsføremål. Det har kystbefolkninga lang tradisjon for. Kystbefolkninga har også stor respekt for ein annan viktig grunnpilar i samfunnet, den private eigedomsretten. Den gjeld også i strandsona, sjølv om ålmenta har rett til å ferdast fritt. Tilnærma heile den norske kystlinja er og har alltid vore i privat eige, det er såleis ikkje snakk om noko privat «strandrøveri» når kommunane gjev dispensasjonar til utbygging i strandsona. I den grad det er snakk om røveri, vil ein kunne hevde at det er den private eigedomsretten som vert røva når det vert lagt ned forbod mot utnytting av eigedommane til private grunneigarar.

Når det er sagt har offentlege styremakter sjølvsagt også ei oppgåve i å sikre ålmenta tilgang til strandsona og sjøen. Og det gjer kommunane! Store område i skjergården vert skjerma for all utbygging. I tillegg sikrar kommunane spesielt tilrettelagde friluftsområde for ålmenta. I Os kommune har vi ikkje mindre enn 21 slike friluftsområde, og store areal i skjergården utan eit einaste naust eller hytter. Slik vil vi også ha det i framtida!

I andre delar av kommunen legg vi imidlertid opp til ei ja-holdning i høve utbygging av både bustader, hytter og naust. Innbyggjaren skal få ta del i dei naturressursane vi har i kommunen, også i strandsona.

Dette er gjeldande politikk i Frp/H-styrte Os. At Ap-styrte Fjell og Bergen fører ein tilsvarande dispensasjonspraksis syner at spørsmålet om disponering av strandsona ikkje nødvendigvis følgjer partipolitiske skiljelinjer. At BT meiner desse kommunane driv vanstyre av strandsona må byggja på manglande kunnskap om dei faktiske tilhøva i dei tre kommunane. BT er med dette invitert med på synfaring for å sjå på dei faktiske tilhøva i skjergarden i Os kommune!

Av Terje Søviknes (Frp),

ordførar i Os kommune