Frp er Hagen sitt livsverk.

I alle år han har arbeidt med dette, har alle andre parti prøvd å knusa han, med løgn, sladder og alskens styggedom.

Hagen har til alle tider vore «trødd med jernskodd hæl», fordi han vil ha eit meir rettferdig samfunn. Vegen har ikkje vore strødd med roser.

Det er Hagen som har arbeidt Frp fram. Ikkje Kleppe eller nokon av dei andre utbrytarane. Den maktkampen som føregår i partiet i dag, er heilt på sin plass. Så får alle visa kven dei er.

Men, at Kleppe kan gå til både tv og aviser med sladder om sitt eige parti – og likevel påstå at han ikkje har gjort noko gale, det er for drygt, Kleppe.

Men når sladderen berre rammar andre og ikkje deg sjølv — då er han storfornøgd. At den berømte bjelken er så usynleg for Kleppe, burde i alle fall ikkje han sjølv røpa.

Aud Alver,Isdalstø