Barne— og familieminister Laila Dåvøy går ut og åtvarar mot å ta vekk besteårsregelen for utrekning av pensjon. Ho meiner dette vil råke kvinner på ein urimeleg måte.

Pensjonskommisjonen kan kome til å føreslå fjerning av regelen som seier at pensjonen skal reknast ut frå dei 20 beste åra, og i staden innføre ei ordning der alle yrkesaktive år tel like mykje. Dette vil kvinner tape på, først og fremst fordi kvinner oftast tener mindre enn menn og oftare arbeider deltid.

Ei rad kvinner har utført ubetalt omsorgsarbeid for familien og samfunnet. Dette har gjeve menn større tilgjenge enn kvinner til løna arbeid og tradisjonell opptening av pensjonspoeng. At mannen no skal vise solidaritet og dele sine pensjonsgode med kvinnene, er eit rimeleg rettferdskrav.

Om ikkje pensjonskommisjonen fell ned på rette sida, så håpar eg inderleg regjeringa lyttar nøye til ministeren med ansvar for likestilling; Laila Dåvøy.

TRUDE BROSVIK