EYSTEIN RØSSUM TOR HØVIK (foto) eystein.rossum@bergens-tidende.noSjølv er han godt nøgd med "Solundir" og dei andre snøggbåtane hos Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Men han har sett mange kommandobruer han har likt dårleg. — Eg har vore om bord i båtar der lamper, knappar og hendlar er plasserte i hytt og vjr. Lysbrytar til salong og do plassert midt på panelbordet, for eksempel. Då er galskapen total, seier Førdedal. Nei til mikkmakk Hans ideal er at det skal vere enkelt og godt kvalitetsutstyr, med solide hendlar og knappar:- Det må vere utan alskens mikkmakk. Det finst radarar med mus- eller kulebetjening. Heilt håplaust, du kan tenkje deg sjølv korleis det er å styre ei mus i sjøgang, seier Førdedal.Han og styrmann Rune Soltveit kjenner seg att i fleire av påstandane frå forskarane frå Universitetet i Uppsala, som meiner at bruene på snøggbåtane ikkje tar hensyn til den høge farten fartya held. Vil sjølve vere med Dei to er heller ikkje framande for tanken på ei sterkare standardisering på brua, slik at variasjonane mellom båtane blir mindre. - Hos oss i Fylkesbaatane er alt nesten heilt likt på alle båtane. Det vart gjort ein god jobb då vi fekk den første snøggbåten i 1970. Det sette ein standard, seier Førdedal.Vilkåret frå dei to for ytterlegare standardisering er at navigatørane sjølve får vere med og bestemme utforminga.- Elles får vi berre ein masse skjermar og lassevis med dill og dall-funksjonar. Ofte er vi dei siste som blir tatt med på råd. Då blir det feil, seier Førdedal. SAMD MED FORSKARAR: Kaptein Johannes Førdedal på "Solundir" er skeptisk til mange av dei nye, moderne løysingane som er å finne på nye snøggbåtar. Enkelt, godt og solid, er hans ideal.