Erna Solberg uttalar seg svært positivt til tanken som er sådd av tidlegare Lindås-ordførar Jostein Vike om å samla formannskapa i dei seks nordhordlandskommunane pluss Gulen i eit Regionting. Men tanken har så langt ikkje slått rot i Nordhordland.

— I den foreslåtte ordninga ligg det element som kan gje betre samordning, mindre byråkrati og eit meir forpliktande samarbeid. Dersom dette også kan gje betre samordning og arbeidsdeling på det administrative nivået, synest dette å vera eit svært godt og framtidsretta prosjekt, seier Erna Solberg, som har teke seg tid til å lesa gjennom heile forslaget frå Jostein Vike.

Fungerer ikkje

Det som ligg bak forslaget til Vike, er at Regionrådet for Nordhordland og Gulen, der ordførarane tek med seg rådmennene, etter hans meining ikkje fungerer godt nok som ein samlande faktor for kommunane i Nordhordland.

Av den grunn foreslår Jostein Vike ein modell der formannskapa i kommunane samlast i eit Regionting som gjev tilråding til kommunestyre i saker som gjeld for heile regionen.

— Slike tilrådingar vil ha mykje større tyngd enn det kvar einskild stakkars ordførar kjem heim med i dag frå Regionrådet. Regiontinget vil nemleg på ein mykje meir presis måte representera det politiske fleirtalet, seier Jostein Vike til Bergens Tidende.

Vike foreslår óg at rådmennene i medlemskommunane skal fungera som regionsjefar for kvar sitt fagområde, som helse og omsorg, oppvekst og utdanning, tekniske tenester, kultur og idrett osb.

- Eit pionerarbeid

– Dette bør gjennomførast som ei prøveordning for fire år, og helst skulle eg sett at ho kunne setjast i verk alt frå valet neste haust, seier Jostein Vike. Han vedgår gjerne at forslaget hans er meint som eit alternativ til samanslåing av nordhordlandskommunane, som det er vanskeleg å finna stemning for på lokalplanet.

— I sum meiner eg at dette er ein god ide. Dersom han vert sett ut i livet med reell arbeidsdeling og samarbeid om administrasjon og tenester, vil det vera mogleg å få støtte i Kommunaldepartementet, fordi det er eit pionerarbeid i tettare og meir forpliktande interkommunalt samarbeid, seier Erna Solberg til BT.

— Men, legg ho til, - dersom dette berre fører til eit ekstra politisk nivå og ikkje reell arbeidsdeling og samordning på administrasjon og tenester, då trur eg prosjektet vil ha liten verdi.

- Kjekt å møtast

Leiaren for Regionrådet for Nordhordland og Gulen, Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt, meiner at den strukturen Jostein Vike føreslår er i tyngste laget.

— Jostein Vike meiner at Regionrådet for Nordhordland og Gulen berre fungerer når store saker er oppe som det er lett å samla heile regionen om, som til dømes Nordhordlandsbrua.

Elles fungerer Regionrådet mest som ein klubb der det er kjekt å koma saman. Kommentar?

— Det kan vera at Regionrådet var viktigare før enn no. Eitt av problema vi slit med, og som pressa kjenner godt til, er å få ut informasjon til folk om kva vi driv med. Men det er naturleg at vi arbeider mest med saker der det er lett å få til semje og oppnå resultat. For tida arbeider vi med å få breiband ut til alle kommunane, noko som vil gjera det mykje lettare å samordna tenester og få til eit nærare samarbeid. Vi er og aktive i å få etablert legevaktsentral for Nordhordland, og vi samla oss mot redusert mannskap på losstasjonen på Fedje, seier Olav Steinar Namtvedt.

Han legg til at dei vurderer å omdanna Regionrådet til eit såkalla IKS (interkommunalt selskap) som skal vera ei sjølvstendig juridisk eining. Men det er for tidleg enno å seia noko om kva som eventuelt vert den praktiske skilnaden frå dagens Regionråd.

— Men vi vurderer å samla formannskapa minst ein gong for året for å gje eit oversyn over det regionale samarbeidet. Det trur vi og vil bidra til å skapa eit eigartilhøve til det vi driv på med, seier Olav Steinar Namtvedt.