Dei prøver no å endra Grunnlova slik at dette skal verta lettare å få til. Ei grunnlovsendring må setjast fram i ein stortingsperiode, og røystast over i neste, slik at folket skal kunna seie si meining i eit stortingsval i mellomtida.

Høgre ved Erna Solberg, Bergen, har alt fremja forslag om å endra § 93 i grunnlova slik at det skal vera nok med 2/3 fleirtal for å gå inn i Unionen, ikkje ¾ fleirtal som no.

Forslaget opnar for å ha folkerøysting om Noreg skal søkja om medlemskap, deretter skal Stortinget med 2/3 fleirtal kunna godta eit forhandlingsresultat, utan at folket skal få uttala seg. Eit fleirtal av EU-tilhengjarar på Stortinget komande bolk kan føra til at vi er medlemer innan neste val.

Ap hevdar i valkampen at dei ikkje vil ta opp spørsmålet om EU-medlemskap i komande valbolk. Kva vil dei gjera dersom Høgre fremjar forslag om å senda medlemskapssøknad innan dei neste fire åra?

Senterpartiet ved Lahnstein og Dale har fremja motforslag som vil styrkja § 93 i Grunnlova m.a. ved at det då skal haldast folkerøysting før Noreg kan meldast inn i ein union.

Veljarar: ver vakne!

Dette valet er viktig for framtida, røyst etter EU-syn ved stortingsvalet!