Det gjekk vel som ein kunne venta:

Med unntak for Kristin Halvorsen, vart det stortingsrepresentantane mot røkla, medan millionær Five gjalla attåt som hadde han teke julekvelden på forskot. Det kom med andre ord lite konstruktivt ut av seansen.

Stortinget er i prinsippet arbeidsgjevar for alle offentleg tilsette. For dei statstilsette direkte, og for dei kommunetilsette indirekte gjennom fastsetjing av dei økonomiske rammene til kommunane. Fleirtalet av stortingsrepresentantar er nettopp offentleg tilsette, som, i motsetning til dei fleste andre, kan gå rett attende i jobb etter endt periode. Då har me eit betydeleg habilitetsproblem som burde vekkja enno meir uro enn den «ventelønna» nokre få tidlegare representantar har motteke.

Skeivrekrutteringa til Stortinget er nettopp eit sentralt tema i denne samanhengen. For at eit politisk organ skal vera samansett på demokratisk vis, er det ikkje berre den allmenne røysteretten som er viktig, men òg at alle stiller mest mogleg likt med omsyn til å stilla til val.

Dagens permisjonsordning for offentleg tilsette medfører ei økonomisk stimulering til skeivrekruttering. Det er her særordningar for andre kan ha ein utjamnande funksjon. Dette ikkje av omsut for dei enkelte representantane, men med tanke på kva følgjer det får for politikken at dei fleste politiske organ er skeivt samansette kva gjeld yrkestilknyting. Det er ingen i dag som vert fattig av å sitja på Stortinget. Sjølv om ein del representantar går ned i lønn når dei kjem inn, er dette neppe noko som hindrar nokon frå å stille til val. Utsiktene til kva ein skal gjera etterpå, kan derimot vera eit sterkt argument for ikkje å ta på seg heiltidsverv i politikken.

Ein sjølvstendig næringsdrivande må kanskje leggja ned ei verksemd det har teke år å byggja opp, for å ta eit heiltids verv. Fagfolk og andre med spesialkompetanse vert utdaterte. Med stadig aukande krav til autorisasjon, sertifisering og fagleg oppdatering, skal ein ikkje ha lange pausen, før ein i realiteten er ute av bransjen. Dette omfattar grupper som er sentrale i verdiskapinga i landet, men som er sterkt underrepresenterte i politiske organ. Så kan det hevdast at slike problem også råkar andre som frivillig vel å forlata yrket eller næringa. Det er også heilt rett, og difor er det få som vel å ta slike pausar. Men det spesielle når det gjeld politiske verv, er det allmenne ønsket om at politiske organ ikkje får ei skeiv yrkessamansetjing.

Systemet som Stortinget opp gjennom åra har utvikla for seg sjølv, verkar ubegripeleg, faktisk så ubegripeleg at stortingsrepresentantane sjølve har vanskar med å forklare samanhengen mellom mål og middel. Når eit nær samstemt politikarkorps prøver å avfeie debatten med at no skal alt gjennomgåast på nytt, er dette berre ei erkjenning av at ein ikkje har peiling på kva ein sjølv har vedteke, eller kvifor. Mistanken om kameraderi vert hengande i lufta.

Utfordringa vert difor, som så ofte elles, å få til eit føremålsretta system som set opp sperrer mot misbruk. Då må ein som eit minimum ha bestemt seg for kva som skal vera føremålet. Det verka det ikkje som om holmgjengarane hadde. Eimen av kameraderi pressa seg nærmast ut frå tv-skjermen.

Om Stenstrøm no greier å få bukt med all etterlønn og pensjonsordning på Stortinget, så har me han nok attende i ruta til neste år, der han med alvorleg trutmunn spør: «Ønsker vi virkelig et storting der 90 prosent av representantene er offentlig ansatte som skal bestemme sine egne fremtidige lønnsvilkår?» Den mannen har i alle fall næringsvit.

Atle Winjum