— Det går tregt med pæresalget seier dagleg leiar Solveig Nygård ved Leikanger Fruktlager til Sogn Avis.

Og det er altså størrelsen, etter ein varm sommar, som er problemet. Ola og Kari er vane med å finne pærene i standardiserte porsjonspakkar. No får ikkje pakkarane pærene på plass i den standardiserte emballasjen. Den er tilpassa eit normalår, med normal størrelse.

Midt oppe i tidenes kronår for norsk frukt melder altså underlege problemstillingar seg. Pærene fra Sogn er for lange og grove for Kari og Ola ...

Slikt blir det synlege problem av. Fruktlageret i Leikanger opplever at salget står stille.

— Må må håpe det losnar med pæresalget i haust, seier Solveig Nygård ved fruktlageret i Leikanger, ei av de store pærebygdene i landet.

— Eg vil kalle problemet med store pærer for ei utfordring, seier Osmund Onar-heim ved Bama Trading i Hardanger og stadfestar at dei store, flotte, saftige pærene frå norske produsentar sprenger den standardiserte størrelsen som Kari og Ola er vande med i butikkdiskane