PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noInntil vidare har fylkesskattesjef Øystein Alme varsla konkursbuet om eit krav på 266 millionar kroner i skuldig moms og renter. Dette kravet er berekna ut frå urettmessige momsrefusjonar selskapet har fått sidan 1997. Men det endelege kravet vil truleg ende på ein stad mellom 266 og 300 millionar.I den foreløpige rapporten som bustyrar la fram mandag, går det fram at OK Fish kan ha overlevd på urettmessige momsrefusjonar heilt sidan 1995. Dermed kan kravet frå fylkesskattekontoret bli fleire millionar kroner større enn det som er varsla hittil.— Vi veit enno ikkje kor mykje kravet kan auke, seier Alme. - Det trengst tidkrevjande granskingar av materialet frå desse åra, og minst tre andre fylkesskattekontor må medverke i dette arbeidet.Alme har så langt ikkje fått stadfesta kor store momsrefusjonar selskapet kan ha motteke i åra før 1997. - Men det synest opplagt at dette langt på veg vil følgje den omsetnaden selskapet hadde, og vi veit at omsetnaden var desidert størst dei siste åra før konkursen i januar i år, seier Alme. - Difor er det all grunn til å anta at summane må ha vore mindre enn kva dei var dei siste åra. Dersom det viser seg at OK Fish også i 1995 og 1996 mottok urettmessig momsrefusjon, trur Alme såleis at det har vore i eit meir moderat omfang. - Vi må no kontrollere desse to åra. Men det skal i alle fall mykje til at den totale summen kjem over 300 millionar kroner, seier fylkesskattesjefen.