TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no FørdeFylkestinget i Sogn og Fjordane har tidlegare rådd sterkt frå at Statkraft får konsesjon for å byggje Stadlandet Vindpark. Men dette var før Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) gjekk inn for å gje løyve.I motsegna som fylkespolitikarane i morgon skal ta stilling til, vert det understreka at etablering av eit vindkraftanlegg på Hoddevikfjellet vil vere i strid med intensjonane om å ta vare på denne delen av Stadlandet som eit viktig regionalt, nasjonalt og internasjonalt landskapsområde.- Verknadene for landskap, friluftsliv, samfunn, reiseliv, kulturminne og kulturmiljø er samla sett så store at tiltaket ikkje bør gjennomførast, heiter det i tilrådinga som politikarane skal ta stilling til i morgon. Ein konsekvens av motsegna er at Miljøverndepartementet vert trekt sterkare inn i handsaminga av klagene på vindkraftverket. Fleire organisasjonar, faginstansar og enkeltpersonar har frå før klaga til Olje- og energidepartementet på Stad-planane.Kraftverket omfattar 35 vindmøller plassert i rekkjer på to fjellryggar oppe på Hoddevikfjellet. Medrekna rotorblad blir vindmøllene kring 100 meter høge. Det skal lagast veg fram til alle vindmøllene. Frå ein transformatorstasjon skal det byggjast 26 kilometer kraftleidning til Bryggja lenger aust i Nordfjord. Totale investeringar er kalkulert til 500 millionar kroner.