Vi har nett hatt ei slik ulukke på Oseberg øst. For å vere i stand til å pumpe ut av moder jord ein naturressurs ute i havet, trengst tunge installasjonar. Derav er det gitt at eit menneske er svært så skjørt innimellom mange potensielle årsaker til at ein, ein dag, er den uheldige. Og som vi har lært av historia, er det ulike måtar å handtere slike ulukker på, for å lindre skadane, og førebyggje for framtida.

Desse ulike måtane å handtere og handle på etter at det nådelause har inntreft på ein arbeidsplass, er menneske sine evner til å vite kva som hjelper, og det som den aktuelle bedriftskulturen gir rom for. Vi har i Noreg, som elles på kloden, tidstypiske profesjonelle støtteapparat som iler til når behovet vert flagga.

For to år sidan mista eg ein son i kreftsjukdom, og eg ser mange fellestrekk i det eg opplevde og det som den nærmaste familien til servicemannen og kranføraren på plattforma har kjempa seg igjennom til no. I ein slik situasjon er det ekstremt viktig at selskapet viser respekt og merksemd i ei tid framover, for den etterlatte sin familie og den uheldige arbeidskollegaen som slit med eit mogleg tankekaos. Denne investeringa av tid som t.d. støtte frå arbeidsgjevaren, vert betalt tilbake mange gonger i kraft av å ha ein arbeidar som i ettertid kan konsentrere seg om arbeidet.

Dette har eg opplevd begge variantar av, og eg har kjent på kroppen begge typar effektar i mitt virke på jobb. Og det er uheldigvis vanskeleg å skriva verbalt, vert best gjenkjent av folk med lik erfaring. Det er veldig avlastande å vite at ein har forståing hjå leiinga for reaksjon som måtte kome og dagar ein eventuelt må vere borte frå jobb.

Opp mot desse personlege mellommenneskelege og psykologiske reaksjonsformene, står altså leiinga si evne til å sjå desse sidene ved livet. Helse-miljø-tryggleik skal i industrien i dag vere mest mogleg bakt inn i dei daglege rutinane for å unngå ulukker. I mine åtte arbeidsår i eit oljerelatert selskap, (større enn Hydro) var det rikeleg fokusering på desse sidene, så rikeleg at mange av oss hadde for lite hylleplass til alle HMS-permane.

Men det som sit sterkast i minnet frå den tida når det gjeld tryggleik, er dei alvorlege episodane der årsaka til ulukka/nestenulukka var iverksetjande styresmakt vankunne om ein farleg arbeidsoperasjon og grov forsøming av tiltak av ein viss investeringsmessig storleik. Og i slike stunder vert personleg feigskap omgjort til selskapet sin feigskap, og omvendt når det skal avdekkjast årsaker. Det var tydeleg at HMS-sertifikata var best egna til å presentere i møte med styresmaktar/underleverandørar i kontraktsforhandlingar.

Er buksefallet for selskapet etter ei ulukke for avkledande, har eg sjølv sett at feigskap og forsøk på å dekke over dei eigentlege årsakene til ei ulukke er freista gjort av leiinga. Alle veit at dersom iveren etter størst mogleg profitt tar form av barberte anbodsrammer og bemanningsnedskjering der viktige funksjonar for tryggleik uteblir, er HMS-sertifikatet ein hån mot den etterlatne og uheldigvis for glatt til å bli brukt til dopapir. Nokon vil sikkert innvende, det er jo menneskelege trekk ikkje å ta på seg skuld og ansvar, spesielt når gråsona mellom personleg/selskapets ansvar gir rom for ein tåkelegging av årsakssamanheng. Greitt nok, men i OD-rapporten om ulukka julaftan vert mange nok konkrete forhold avdekka til at leiingsvegring var fånyttes. Og den nemnte ukulturen er jo akkurat eit utslag av gale rammer, gale signal i ein organisasjon om kva som er viktig. Liv og helse har då, som tradisjon ein tendens til å få tildelt lågast vekttal.

Personleg ansvar eller selskapet sitt ansvar er akkurat det same, men selskapet sine ansvarsrutiner avleier fort det personlege til å slappe av og tru at andre har tenkt for ein. Det personlege ansvaret har i grunnen eit mykje større potensial i seg ved for eksempel å avsløre/påpeike selskapets sviktande rutiner og å skilje mellom det som er praktisk gjennomførbart eller teoretisk ynskjetenking i forslag til tryggleik. Vi får i alle fall håpe at ingen på Oseberg øst vert spidda på alteret i forsøk på manipulere fram ein syndebukk.

I denne ulukka verkar det som om NOPEF har vore svært så larmande taus. Kranføraren er ikkje organisert, kan det vere årsak til dette? Saka han no ber fram, er ikkje det ei sak som etter kvart vil gagne trygginga både for dei uorganiserte og dei organiserte?

Å stå skulder ved skulder: er det berre dersom ein har samanfallande syn på LO? Då driv ein med boring i dobbelt forstand, der borekruna er bytta ut med hovudet, som står godt nede i sanden … Vel, før borga bikkar over kan ein jo spørje mannen eller kvinna på boredekket eller oljeleitingfartøyet om korleis ulukker vert handtert.

Går det riktig gale, er eg redd det er i selskapets interesse å begrensa dei økonomiske skadane fyrst, så får ein om nødvendig innrømme såpass at liksom-etikken er blank nok til å tåle medias altfor svake røntgenstråler.

Storindustriens mannskultur spelar på lag så lenge du spelar med. Og HMS vert helst spelt for galleriet...