TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no Førde Dramaet utspelte seg i Florø tysdag føremiddag.Venche Byrkjeland i Dalvegen trudde knapt sine eigne auge då ho såg ut kjøkkenglaset i sju-tida om morgonen. Like ved hagen hadde ein svær kronhjort vikla seg inn i noko tauverk som var festa til eit furutre. Desperat Det digre hanndyret stod bom fast med tauverket rundt geviret. Med alle sine kjempekrefter arbeidde hjorten desperat for å komme seg laus. Rundt treet vart det etterkvart berre svarte jorda att, like ned på berget. Seig saman Viltnemnda, dyrlege, politi og hjortefarmen på Svanøy vart kontakta. Spørsmålet var kva som kunne gjerast for å frigjere kronhjorten?Løysinga dei valde var å bedøve hjorten for så å fjerne tauet.Veterinæren måtte skyte to bedøvingspiler før den stressa seksgreinaren la seg til ro.Deretter vart hjorten skoren fri frå tauet, og dregen ned til vegen på ein presenning.Sidan dyret likevel skulle felle horna snart, vart dei saga av. Deretter vart storhjorten lagt på vekta. Pila stoppa ikkje før på 140 kilo, og då subba hovud og føter framleis ned i bakken. Etterpå vart kronhjorten med bil og båt frakta til hjortefarmen på Svanøy i Førdefjorden, og sleppt fri.Slapp og sliten stavra han seg opp på skjelvande bein. Men berre for ein augneblink. Brått seig kronhjorten saman og dauda. Han hadde brukt alle sine krefter i den timelange dødskampen.