Det pågår vegarbeid på den viktige riksvegstrekningen mellom dei to byane i Sunnfjord, og det var under skyting av ei salve i dag at langt større mengder stein kom ned enn vegvesenet rekna med. Minst 2000 kubikkmeter fjell fall ut ved Grov. Mykje av fjellet som rasa ned i vegen er blokker som er så store at dei må skytast før dei kan fjernast.

Vegvesenet reknar med at vegen i alle fall vert steng til i fem-seks-tida i ettermiddag. Det er sett opp båt mellom Florø og Eikefjord som korresponderer med bussar til og frå Førde.