Å skjelle ut kommunar som legg ned sjukeheimar er langt meir behageleg.

Etter ei vekes vinterferie er det tid for å oppdatere seg på nyheitene eg har gått glipp av. Sjukehusstriden rasar. Helse Vest har instruert helseføretaka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I alle fall les eg meg fram til at det er tolkinga til styreleiaren i Helse Førde. Det betyr nedlegging av lokalsjukehus og fødeavdelingar. Nokre skal gjerast om til distriktsmedisinske sentra med fødestover. Men kva slike sentra skal innehalde, er vanskeleg å få tak i.

I Eid, Florø og Lærdal rustar dei til kamp. Som for 10, 20 eller 30 år sidan skal fakkeltoga på ny lyse opp gatene. Sjukehusa skal ikkje bli tatt utan sverdslag. Men denne gongen er kampen vanskelegare å vinne. Motstandaren er ikkje fylkespolitikarar som må sjå folk i augene ved neste val. No er det helsebyråkratar og oppnemnde styre som bestemmer. Dei skal levere overskot. Omtrent som i Hydro og Statoil. Sjukehusvesenet har blitt statsprivatisert.

Heller ikkje fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, likar det som skjer. Han er uroa over at fødande kan få ei reisetid på tre timar, og ber sosialkomitéen på Stortinget ta organiseringa av fødetenestene opp på ny.

Men det vil ikkje Jon Alvheim, Framstegspartiets leiar av komitéen. — Kva parti representerer Sandal? Er det Senterpartiet? Ja, dei har vore mot sjukehusreforma heile tida, konstaterer ein lett nedlatande Alvheim overfor avisa Firda. Før han legg til at det ikkje er råd å halde oppe sjukehustenester av distriktspolitiske omsyn. Det skin tydeleg gjennom at Alvheim ikkje har særleg sans for desse aksjonane.

Nei, då marsjerer han vesentleg meir i takt med aksjonsgrupper som kjempar mot nedleggingar kommunane må ta ansvar for. Som då han for halvtanna år sidan tok turen til Lavik eit par gonger. For å ordne opp då Høyanger kommune ville leggje ned sjukeheimen i bygda.

Kommuneleiinga fekk på pukkelen så det passa. Det dei dreiv på med var tvangsflytting av gamle og i strid med intensjonane Stortinget hadde for god eldreomsorg. - Kast sjukeheimsmotstandarane ut av kommunestyret, var rådet. Alvheim skulle ta saka med seg både til Stortinget og til statsråden. Og han hadde både tru og håp om at det skulle la seg gjere å berge institusjonen. Men meir enn store ord og utskjelling blei det ikkje. Alvheim kunne ingen ting gjere, og visste nok det før han kom til Lavik. Sjukeheimen blei lagt ned.

Å vere stor i ord og sterk i ytring om noko ein slepp ta ansvar for, er ikkje vanskeleg. I Lavik hadde Alvheim ei sak han ikkje kunne tape, uansett utfall. Sympati hausta han i bøtter og spann. Nokre nye veljarar blei det garantert. Det blir vanskelegare å støtte aksjonar mot følgjene av at sjukehusa blei overførte til staten. For som ein av dei ivrigaste forkjemparane for reforma, sit Alvheim med ansvar. Då er det betre å vere spydig nedlatande.

Kven er denne Sandal?