Dyreflokkane trakk nordvestover, og stod måndag kveld i dei nordvestlege områdene i Vinje, sør for Kvenna. Dyra pressar på for å krysse Kvenna. Men det stend fortsatt att nokre flokkar i dei sørlege delene av Vinje

Det har kome småflokkar inn i Buskerud fylke, og det er truleg fleire småflokkar på veg inn i fylket.

Dyra har og kome inn på grenseområda til Hordaland. Måndag kveld var fleire dyreflokkar på veg mot grensa.

Om det skulle kome mykje dyr inn i Hordaland oppfordrar me jegarane ved grensa til å sleppe dyra eit stykke inn i fylket, før dei vert jakta på, slik at ikkje dyra vert pressa tilbake att med ein gong.

God jakt til alle. Jan Vidar Holte, Radio Rauland